Likestillings- og diskrimineringsombodet held torsdag 7. mai konferanse om den nye Diskriminerings – og tilgjengelegheitslova DTL på Hotel Bristol i Oslo. Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt er ein av foredragshaldarane og vil snakke om lova si politiske og praktiske tyding.

Konferansen er lagt til Hotel Bristol som i likhet med mange andre hotell i Norge ikkje tilfredsstiller krava i lova om universell utforming.

For at alle likevel skal kunne delta, har hotellet i forkant av konferansen sett i verk nødvendige tiltak for å betre tilgjengelegheita. Under konferansen vil deltakarar ha høve til å evaluere Hotel Bristol på tilgjengelegheit. Deretter vil LDO overrekke ein rapport basert på desse tilbakemeldingane til Hotel Bristol.

Målet med konferansen er å gje inngåande kunnskap om Diskriminerings- og tilgjengelova (DTL) og korleis ein kan klage til eller få rettleiing av Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Dei som ynskjer å få oppdateringar om konferansen via Twitter eller sjølve ”tvitre” frå konferansen, kan bruke #-tag  "#DTL”.

Sjå programmet til konferansen her.