Valde kvinne – braut lova

Ein mann blei forbigått da ein kommune skulle tildele fastlegerheimlar. I staden fekk to kvinner heimlane. Likestillings- og diskrimineringsombodet konkluderte med at kommunen braut likestillingslova.

- Vi meiner mannen har betre formelle kvalifikasjonar enn dei to kvinnene. Den klare hovudregelen er at kjønn ikkje kan bli vektlagt ved tilsetjingar. Vi konkluderte difor med at kommunen braut lova, seier Hanne Cecilie Frøland, som er saksbehandlar i ombodet.

Frøland understrekar at ulik behandling av kjønna i unntaksfall kan være lovleg ved tildeling av fastlegeheimlar. I praksis skal det svært mykje til for at det ikkje er brot på lova.

Les frasegnet frå ombodet her.