Viktig handlingsplan mot valdtekt

Sist uke presenterte regjeringa handlingsplanen mot valdtekt. – Vi synes det er positivt at handlingsplanen ser på alle ledd, frå det førebyggjande arbeidet til oppfølging etter valdtekt, seier nestleiar Elisabeth Lier Haugseth.

Handlingsplanen er eit samarbeid mellom Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Planen, som blei presentert sist torsdag, skal leggje grunnlaget for arbeidet for at overgrep blir førebygd, etterforska, og behandla på ein god måte i domstolen, skriv regjeringa.

Planen skal også sikre hjelp og oppfølging etter overgrep, både helsemessig og rettslig.

- Regjeringa har tatt hensyn til mange av innspela våre, og også viktige innspel frå FN sin kvinnekomité, CEDAW, seier nestleiar i LDO, Elisabeth Lier Haugseth.

- Blant anna har de vektlagt betydninga av stereotypiar for å forstå forekomsten av seksualisert vald. Fokus på stereotypiar er også viktig for å forstå hvordan ofre for valdtekt blir møtt i politiet og i rettsvesenet, sier ho.  

Sjølv om Lier Haugseth i det store er nøgd med planen, saknar ho fleire konkrete tidsfristar. 

Les også: