Treng lågterskeltilbod

- Terskelen er høg for å varsle om seksuell trakassering. Det er ei alvorlig utfordring, seier Sunniva Ørstavik.  

- Svært mange unge jenter fortel om opplever å bli utsatt for seksuell trakasseringen, men dei færreste seier i frå, seier Ørstavik.

Derfor er det behov for eit lågterskeltilbod som alle som blir seksuelt trakassert kan melde i frå til. I dag er domstolen alternativet om ein skal få prøvd saka si, og den terskelen er for høg for mange, seier Ørstavik.

- Eg meiner dette er eit alvorlig likestillingsproblem. Vold og seksuell trakassering er i alt for stor grad en del av barn og unge sin kvardag. Eg er bekymra, seier ho.

Forslaget om et lågterskeltilbod er i tråd med anbefalingane frå Likestillingsutvalget.

 Ansvar på arbeidsgjevar

Ifølgje Dagsavisen opplever ein av åtte sexpress på jobb, særelg er servicepersonell i hotell- og restaurantbransjen og pleie- og omsorgsarbeidarar utsette.

Arbeidsgjevarar har ein stor utfordring i å førebyggje seksuell trakassering.

- Alle arbeidsgjevarar må ha gode rutinar for å fange opp trakassering, for varsling, og ikkje minst for førebyggjing, seier Ørstavik.

Les meir om førebygging på våre rettleiingssider.