Skryt for heiltid-innsats

Partane i kommunestektoren får blomar frå likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik, etter fellesutspelet om å etablere ein heiltidskultur i sektoren.

- Utspelet frå KS, Fagforbundet, Sykepleierforbundet og Delta for å etablere heiltidskultur i kommunesektoren viser vilje til nytenking om ei av dei store likestillingsutfordringane i arbeidslivet, seier Ørstavik.

I norske kommunar har halvparten av dei tilsette heiltidsstilling. Difor signerte partane i kommunesektoren tysdag ei erklæring om at heiltid skal bli normalen. Det skriv Dagens Næringsliv.

- Dette stadfestar det eg har sagt før om at partane har en avgjerande betyding i arbeidet for et likestilt arbeidsliv, seier Ørstavik.