Eldre blir pressa ut av arbeidslivet

Fleire melder frå om forskjellsbehandling på arbeidsplassen på grunn av alder. Dei to siste åra har Likestillings- og diskrimineringsombodet sett ein markant auke i antall saker. 

Arbeidstakarar i 60-åra er dei som oftast klagar inn arbeidsgjevarar for aldersdiskriminering. I over halvparten av klagesakene ombodet har vurdert knytta til alder, konkluderer LDO med at arbeidsgjevar bryt lova.

- Mange arbeidsgjevarar gjer ikkje heimeleksa si. Det at tilsette kjem nærare pensjonsalder rettferdiggjer ikkje at dei blir forbigått i lønsforhandlingar eller pressa ut av arbeidslivet, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Dei to siste åra har LDO fått inn totalt om lag 280 saker om temaet – langt fleire enn tidlegare år.

Oftast lovbrot

Med unntak av saker knytta til religion og kjønn, er det sakene ombodet får inn relatert til alder som oftast endar med konklusjon om brot på lova. Førespurnadane til ombodet dreiar seg i hovudsak om rekrutteringsprosessar, eldre som må gå av før aldersgrensa, stillingsannonser med ulovleg aldersfokus, og seniorar som blir forbigått ved tilsetjing. 

- Nokre arbeidsgjevarar trur dei er i si fulle rett til å søkje etter «unge og dynamiske» medarbeidarar på 20-30 år. Men det er lovbrot. Ein skal vurdere personar ut i frå kvalifikasjonar, ikkje alder, seier Ørstavik.

- Sei i frå

Ho trur mediemerksemd rundt saker som NRK og Mediaas-saken kan gjere sitt til at fleire seier ifrå. Steinar Mediaas fekk medhald både hos ombodet og i nemnda. Begge konkluderte med at NRK hadde diskriminert han då han måtte slutte i statskanalen som 67-åring.

- Eg ber alle arbeidsgjevarar setje seg inn i diskrimineringsvernet. Samtidig må arbeidstakarar som er forskjellsbehandla seie ifrå. Sei ifrå til arbeidsgjevar, og sei ifrå til oss i Likestillings- og diskrimineringsombodet, seier Ørstavik.

Fakta

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar diskrimineringsforboda i lovverket.
  • Personar i arbeidslivet har rettsleg vern mot aldersdiskriminering gjennom arbeidsmiljølovas kapittel 13.
  • Sidan 2007 har LDO behandla totalt 675 rettleiingssaker og om lag 170 klagesaker knytt til alder.
  • I 2014 fekk Likestillings- og diskrimineringsombodet totalt inn  om lag 140 rettleiings- og klagesaker knytt til alder.