Utilgjengeleg valflesk

Testar viser at partia sine valkampsider scorar svært dårleg på universell utforming også i årets valkamp.

 ei undersøking Helsedirektoratet har publisert kjem det fram at ingen av dei politiske partia har tilgjengelege valkampsider og at det har skjedd lite med nettsidene sidan førre valkamp.

Undersøkinga er gjort av Deltasenteret og DIFI og viser at partia sine nettsider er svært lite tilgjengelege for funksjonshemma.

Foto avdelingsleder i ldo Bjørg Unstad
 – Mange føler seg diskriminert når dei ikkje får tilgang til informasjon om standpunkta til dei politiske partia i valkampen, seier fungerande likestillings- og diskrimineringsombod Bjørg Unstad.

 

Ho forventar at partia gjer det dei kan for å forbetre tilgjengelegheita på kampanjesidene sine no og stiller med 100% universelt utforma nettsider til neste valkamp.


– Det er eit demokratisk problem at ikkje alle har likeverdig tilgang til samfunnsdebatten og kunnskap om kva partia står for, noko som er nødvendig for eit godt val for alle, legg Unstad til.

 

Les oppsummering av testresultata frå Deltasenteret og DIFI/ Noreg


Les oversikta over detaljresultat i testane frå Deltasenteret og DIFI/ Noreg


 Håplause resultat
Fredrik E. Nilsen (41) frå Oslo jobbar med opplæring og utvikling av IT blant ana for funksjonshemma og har føreteke sin eigen test av partia sine valkampsider.

Foto av Arild Jacobsen 
Nilsen har dei siste vekene testa brukbarheita for synshemma, høyrselshemma og personar som ikkje enkelt kan navigere med mus eller liknande verktøy på web – med nedslåande resultat.

- Ingen av partia tilfredsstiller krava til tilgjengelegheit frå DIFI fullt ut. Nokon av partia har orden på somme av punkta, men ikkje på alle, seier Nilsen (bilete).

Nilsen ramser opp eit par trekk som går igjen på dei ulike partia sine kampanjesider:

- Bruk av Flash som ikkje er universelt utforma og tilgjengeleg for brukarar som har støtteprogram eller som navigerer ved bruk av tastatur.

- Inga moglegheit til å velje ulike skriftstørrelsar og designfargar.

- Inga moglegheit til å lytta til teksten.

- Manglande alternativ tekst for bilete, slik at blinde og svaksynte kan få informasjon om kva det er bilete av.

- Ingen teksting av videoar for høyrselshemma.

- Ingen bruk av teiknspråk.
 

- Lover mykje, gjer lite

Nilsen er skuffa over at regjeringa si eiga valside  www.stemmingsrapport.no heller ikkje er godt nok tilpassa for funksjonshemma.

Han peiker også på at statsråd Magnhild Meltveit Kleppa sjølv uttalte på pressekonferanse hos LDO 4. august at det er viktig å sørgje for at nettsider og TV-debattar er tilgjengelege for alle, slik at også døve og blinde kan delta i valdebattane.


- Politikarar lover mykje, men handlar lite, kommenterer Nilsen.
Han har sjølv vore i kontakt med alle dei politiske partia for å få ei forklaring på kvifor ikkje kampanjesidene deira er universelt utforma og fekk mange uforpliktande svar i retur.

Her kan du lese svara Nilsen fekk frå dei politiske partia (word)

Les om manglane i Nilsen sin blogg 

 

Liten framgang

Testen Helsedirektoratet gjennomførte tidlegare i sommar viser at berre fire av til saman 14 politiske parti og politiske ungdomsorganisasjonar har forbetra nettsidene sine sidan førre undersøking i 2007. Dei som kom best ut av testen var Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre.

Nilsen planlegg ny gjennomgang av partia sine nettsider om ei veke og håper på forbetringar til då.

- Eg gjorde min siste sjekk for to veker sidan og veit at i alle fall SV og FrP har gjort nokre forbetringar på sine sider sidan då. Det burde dei andre partia også gjere dersom dei ynskjer at flest mogleg skal stemme på dei. Dei burde hugse på at utilgjengelege nettsider går ut over dei sjølve også.

 


Les meir om testane og utilgjengelege kampanjesider i Nilsens blogg: 

Valflesk for de utvalgte 

Opp av sofaen de som kan

Partiene svarer om tilgjengelighet på nett