Langt fram til ein skule for alle

Norske skular stengjer ute funksjonshemma elevar. Berre tre skular får toppkarakter når det gjeld å vere fysisk tilgjengelege. Åtte av 10 skular har monalege manglar. Det viser ei kartleggjing Norges Handikapforbund har gjennomført saman med forskningsinstituttet International Research Institute of Stavanger AS (IRIS) .

Kartleggjinga tek for seg kva tilhøve det er for funksjonshemma rundt om på skulane – som trapper, heis, inngang frå uteområde, inngangsparti, inngang til og mogelegskap for å bruke ulike undervisningsrom, tersklar og toalettilhøve.

Konklusjonen er at 80 prosent av norske skular har fysiskehindringar som stengjer funksjonshemma elevar ute. Resultata står i skarp kontrast til Regjeringa sin visjon om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025, og norsk opplæringslov som seier at alle barn har rett til å gå på sin nærskule, og at skulane skal vere lagt til rette fot funksjonshemma elevar.

- Det denne undersøkjinga viser, er at det er ein lang veg fram før vi har eit samfunn for alle, der alle barn kan gå på nærskulen saman med venene og syskena sine, seier Arne Lein, forbundsleiar i Norges Handikapforbund.

Les meir om undersøkjinga her.