Neste stopp Bergen

Sunniva Ørstavik fortsett haustturneen sin, og onsdag går turen til Bergen.
- Eg gler meg til nye spanande møte. Eg skal besøke fleire bedrifter som kan vise til gode likestillingstiltak, seier ho.

Saman med organisasjonen Virke skal likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik besøke Nille og Meny.

Nille har eit samarbeidsprosjekt med Nav, mens Meny har satsa på å få ned sjukefråværet blant gravide, og å halde på senior arbeidstakarar.

- Dette handlar om å arbeide aktivt og systematisk for likestilling og mot diskriminering, som er ei lovpålagt plikt. Eg gler meg til å høyre meir om kordan dei jobbar for å tilretteleggje for ansatte som treng det.

Følg turneen

Sist veke besøkte ombodet Trondheim og Kristiansand. Les meir om kva ho opplevde her.

Følg turneen: