Ombodets oppgaver

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal fremme reell likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Ombodet skal også

  • arbeide for å fremme likebehandling i arbeidslivet, uavhenig av politisk syn og medlemskap i arbeidstagerorganisasjon
  • avdekkje og peike på tilhøve som motverkar likestilling og likebehandling
  • bidra til bevisstgjering og vere ein pådrivar for endring i haldningar og åtferd
  • ha oversikt over og formidle kunnskap og bidra til å utvikle kompetanse og dokumentasjon om likestilling og likebehandling samt art og omfang av diskriminering
  • gi informasjon, støtte og rettleiing i arbeidet for å fremme likestilling og motarbeide diskriminering
  • vere ein møtestad og eit informasjonssentrum som legg til rette for samarbeid mellom aktuelle aktørar

 

Rettleiing 

Ombodet skal gi rettleiing om lovverket og være ein pådrivar for likestilling og mangfald.

Ombodet har også plikt til å rettleie i diskrimineringssaker som er omfatta av andre reglar enn dei vi handhevar, til dømes i samband med melding av rasistisk motivert kriminalitet, oppseiingssaker som blir behandla etter andre føresegn enn likebehandlingskapitlet i arbeidsmiljølova, og ved søknad om fri sakførsel.

Alle kan henvende seg til ombudet for gratis veiledning. Les meir om ombodets veiledningstjeneste under.

 

Internasjonale konvensjonar

Likestillings- og diskrimineringsombodet ønskjer å utveksle erfaringar nasjonalt og internasjonalt. Ombodet skal sjå til at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarar med dei pliktene Noreg har etter FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og konvensjon om rettar for personer med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Lova om Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudslova) gir reglar om organiseringa og verksemda til ombodet og nemnda.

 

Kven handhevar lova?

Fra 1. januar 2018 er det Diskrimineringsnemda som handhevar diskrimineringsforboda i lovverket. Fra samme tidspunkt slås de fire diskrimineringslovene (likestillingslova, diskrimineringslova om etnisitet, diskrimineringslova om seksuell orientering og diskriminerings- og tilgjengeleglova) sammen til Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven).

Lovverk