Saman med Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), har ombodet oppretta ein ny møtearena med fleire organisasjonar innan sivilsamfunn. Hensikta med det nye samarbeidet er å kome med innspel til statsrådar og politisk leiing om kva slags FN-anbefalingar innan menneskerettar som bør prioriterast i deira arbeid.

Ombodet og NIM fungerer som sekretariat for initiativet og som bindeledd mellom myndigheitene og sivilsamfunn. Det nye samarbeidet har som mål å møte myndigheitene fire gongar i året, der ulike aktørar vil bli representert i dei forskjellige møta.

 

CRPD i Hurdalsplattforma

Inkorporering av FN-konvensjon om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) var tema for det fyrste møtet, som fant sted i Kulturdepartementet med statssekretær Gry Haugsbakken (Ap) 7. mars.

Konvensjonen skal bidra til å fjerne hindringar som vanskeleggjer deltaking og likestilling i samfunnet, grunna nedsett funksjonsevne. Konvensjonen trådde i kraft i 2008, og Noreg ratifiserte den i 2013. Den er likevel ikkje ein del av det norske lovverket, som seinast blei nedstemt i Stortinget i fjor.

Dette skal nå endre seg, da regjeringa har nedfelt inkorporering av CRPD i Hurdalsplattforma. Det er derimot ikkje klart om en inkorporering skal skje som ein del av Menneskerettslova, som vil gje konvensjonen forrang i tilfelle der andre lover spiller inn, eller i en annan del av lovverket.

Sjølv om ei inkorporering nå har fleirtal, har saka også møtt motstand. Deler av motstanden skyldast bekymring for korleis ei innlemming av CRPD vil påverke kommunalt sjølvstyre.

 

Skal følgje opp framdriftsplan

Haugsbakken forsikra deltakarane om at planane om inkorporering ligg fast, men kom ikkje med nokre lovnader om når ein utredning eller inkorporeringa er planlagt gjennomført. Ombodet vil følgje opp saka, og meiner eit regjeringsnotat om CRPD bør vere klart innan sommaren.

Statsminister Jonas Gahr Støre opna nyleg det globale toppmøtet om inkludering av personar med nedsett funksjonsevne, Global Disability Summit.

– Eg meiner dette har stått stille for lenge. Vi har jobba med dette i vår regjeringserklæring, det handlar om å få det innarbeida i lovgjevinga, sa statsministeren, ifølgje TV 2.

 

Finn ut meir om ombodets arbeid med funksjonsevne.