Standgeneralen på Skeive dagar

Trykking av materiell, organisere vaktliste og pakke slikkepinnar, t-skjorter og plakatar. Lucien Chen har mange ballar i lufta ein dag før Likestillings- og diskrimineringsombodet sin stand opnar i Pride Park.

- Det er andre gongen eg gjer dette, så eg har erfaring å byggje på. No gler eg meg til å bli ferdig med siste innspurt, og snart kunne ønskje folk velkomne til standen vår, seier Chen.

Chen jobbar i kommunikasjonsavdelinga, og har leia LDO sitt arbeid med Skeive dagar. På laurdag hadde han ansvar for live-streaming frå opninga av Pride House på Litteraturhuset.

Les også: LDO på Skeive dagar.

Møt oss på stand

Denne veka er det Pride Park som står på arbeidslista. På standen kan du få rettleiing frå juristar om kva du kan gjere dersom du har opplevd diskriminering. Du kan også bli med på å stille krav til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen om likeverdige helsetenester for lesbiske, homofile, bifile og transepersonar. Eller du kan teste kunnskapane dine om LHBT-rettar i ombodet sin quiz.

- Er det enkelt å få kollegaer til å stå på stand?

- Ja, det er det. Vi som jobbar i LDO får ofte høyre historier om diskriminering og trakassering av lesbiske, homofile, bifile og transepersonar. Det er klart vi vil stå på stand for å få fokus på dette. Rett skal være rett, også for skeive, seier Lucien Chen.

Pride park opnar onsdag klokka 15.

Pride house

Under kan du høyre talen til ombod Sunniva Ørstavik frå opninga av Pride house sist laurdag. Vi beklagar at videoen ikkje er teksta. Du kan lese talen her.