Kapittel 5 Framtidsutsikter

Det er store utfordringar på likestillings- og diskrimineringsfeltet i Noreg. Utviklinga i 2015 uroar oss, og vi fryktar at dei tema som har prega 2015 vil auke faren for at folk i Noreg blir utsett for diskriminering.

Økonomiske nedgangstider fører til høgare terskel for å komme inn i arbeidslivet, noko vi veit fører til meir diskriminering av utsette grupper. Flyktningsituasjonen har ført til at fleire er kritiske til innvandring, og til ein tilspissa samfunnsdebatt med sterke motsettingar. Mobbing og trakassering er framleis ei stor utfordring for skoleungdom. Hatytringar er utbredt og rammar mange grupper i samfunnet vårt, som til dømes kvinner, religiøse minoriteter og folk med nedsett funksjonsevne. Vi etterlyser ein offensiv politikk for å handtere disse utfordringane.

I 2015 har ombodet blitt ein meir relevant aktør for arbeidslivets organisasjonar og sivilt samfunn, og vi har opplevd ei markant auke i kor mange som tek kontakt med oss for å få rettleiing og råd.

Regjeringa har varsla store omveltingar på likestillings- og diskrimineringsfeltet både når det gjeld lovverk og handheving. Forslag til felles likestillings- og diskrimineringslov har vore på høyring, og ombodet meiner at forslaget gir eit svekka vern mot diskriminering.

I tillegg har regjeringa varsla at dei ynskjer å gjere endringar i handhevingsapparatet på diskrimineringsfeltet, og i første kvartal 2016 kjem det ei utreiing frå PricewaterhouseCoopers som ein del av dette arbeidet. For oss vil målet vere eit sterkt og uavhengig apparat som hjelper dei som blir utsett for diskriminering og som kjempar for eit likestilt samfunn for alle. Vi er oppteke av at regjeringa må se heile likestillings- og antidiskrimineringfeltet, og de ulike tiltaka dei ynskjer gjennomført, i samanheng.  

Hanne Inger Bjurstrøm starta som nytt ombod frå 18. januar 2016. I løpet av året vil vi utarbeide ein ny strategi for ombodet som vil gjelde for perioden 2017 til 2021.