Kapittel 2 Introduksjon til verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet er dagleg i kontakt med menneske som fortel om mobbing, trakassering, utestenging og diskriminering. Dei fortel at dei blir fråteken moglegheit til deltaking og til å påverke sitt eiget liv og sin eigen kvardag.

Ombodet er etablert av Stortinget og arbeidet er regulert i diskrimineringsombodslova. Vi handhevar diskrimineringsforboda i lovverket, gir rettleiing, er ein pådrivar for likestilling, og fører tilsyn med bestemte FN– konvensjonar.

For å oppfylle mandatet vårt skal vi hjelpe og endre. Vi skal hjelpe dei som blir diskriminerte, og vi skal endre dei strukturane som fører til diskriminering. Vi skal fremme likestilling og kjempe mot diskriminering  på grunn av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vår visjon er eit samfunn der makta og innverknaden er likare fordelt, fridomen tilgjengeleg for alle, og verdet til kvart enkelt menneske ukrenkeleg.

2015 var Sunniva Ørstavik sitt siste år som likestillings- og diskrimineringsombod.

Ombodet er organisert i fem avdelingar. Rettleiingsavdelinga gir rettleiing til enkeltpersonar, arbeidsgjevarar og andre som har spørsmål om likestilling og diskriminering, og om rettar og plikter i arbeidslivet. Avdelinga fører og tilsyn med den lovpålagte aktivitets- og rapporteringsplikta og gir rettleiing om denne. Avdeling for lov og rettar tek imot klagar frå personar som meiner dei er blitt diskriminerte, og gir fråsegn om diskriminering er skjedd eller ikkje. Tilsynsavdelinga har ansvaret for ombodets tilsyn med at norske styresmakter følgjer forpliktingane i FN-konvensjonane. Kommunikasjonsavdelinga er ansvarleg for ombodet sitt kommunikasjons- og pådrivararbeid. Drifts- og utviklingsavdelinga har oppgåver knytta til drifta av ombodet, og skal ivareta naudsynte støttefunksjonar, mellom anna innan økonomi, arkiv, kontoradministrasjon, personal, datatenester og førstelinjetenesta.

Hovudtal i 2015

I 2015 fekk vi 1789 førespurnader om rettleiing, og 184 klagesaker. Det er ein markant auke i kor mange som nytta LDOs rettleiing i 2015 samanlikna med tidlegare år.

Utvalde nøkkeltal frå årsregnskapet

2013-2015

2013

2014

2015

Antal årsverk

62

63

68

Løyver

54 950 342

54 035 000

53 981 000

Driftsutgifter

50 833 284

55 964 365

56 680 766

Lønsandel av driftsutgiver i prosent

76,8%

70,8%

73,8%

Lønsutgifter per årsverk

630 164

628 956

615 191