Vald – den største likestillingsutfordringa

Vald og trakassering grunna i kjønn er eit likestillingsproblem som både er vedvarande og alvorleg. Av 24 drap så langt i Noreg i år, blir 14 etterforska som partnardrap. 10 kvinner og to menn er drepne av partnar eller ekspartnar. – Vi treng meir politikk og meir pengar til tiltak for å bli likestillingsland nummer ein, seier ombud Sunniva Ørstavik.

- Vald og trakassering grunna i kjønn er ei svært alvorleg form for diskriminering, seier ombud Sunniva Ørstavik.

Denne valden har utgangspunkt i offeret sitt biologiske eller sosiale kjønn. Han rammar særleg kvinner og jenter, men kan og ramme menn og gutar som bryt med kjønnsstereotype oppfatningar, sosialt aksepterte kjønnsroller. Begge kjønn kan utøve vald og trakassering, men dei fleste overgriparane er menn.

Ulikestilling

Mangel på likestilling mellom kvinner og menn med omsyn til makt og status i samfunnet, kjønnsstereotype oppfatningar og tradisjonelle kjønnsroller er underliggjande hovudårsak til vald og trakassering.

Kjønnsbasert vald og trakassering handlar om kjønnsrelasjon, kjønnsordningar og kjønnskultur. I tillegg til kjønnsstereotypisk sosialisering kan andre faktorar auke riskioen for at ein blir utøvar av kjønnsbasert vald. Det kan vere faktorar som personleg oppveksthistorie, tilknytningmønstre, kritisk livssituasjon, psykisk ubalanse med meir.

Alvorleg folkehelseproblem

Vald og trakassering på grunn av kjønn har store negative konsekvensar for dei valdsutsette si fysiske, psykiske og seksuelle helse, sin økonomi, si utvikling og sin identitet. Regjeringa omtalar nå vald mot kvinner som eit alvorleg folkehelseproblem. Valden er rekna å koste samfunnet 4,5 til 6,0 milliardar kroner årleg.

Ombodet sitt arbeid

Likestillings- og diskrimineringsombodet fører tilsyn med norske styresmakter sine plikter i høve FN sin kvinnediskrimineringskonvensjon. Norske styresmakter har ansvaret for å førebyggje kjønnsbasert vald og trakassering.

- Dersom styresmaktene ikkje tek dette ansvaret på alvor, kan det innebere brot på våre internasjonale plikter, understreker Ørstavik.

Sjøl om norske styresmakter stadig tek større ansvar for førebyggjing og nedkjemping av vald og trakassering, er det likevel eit stort gap mellom politiske mål, tiltak og struktur for gjennomføring av politikken og resultat av innsatsen.

- Ombodet er derfor svært nøgd med at regjeringa har gitt oss den fyrste stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar. Og at partia på Stortinget ser ut til å ta eit felles ansvar for å løyse utfordringar som framleis står att, seier Sunniva Ørstavik.