Nasjonal rapportering

Ombodet skal føre tilsyn med at norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med Noregs forpliktingar etter kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og konvensjonen for rettar til personar med nedsett funksjonsevne. Det følgjer av diskrimineringsombodsloven § 1, tredje ledd.

Departementa har ansvar for gjennomføringa av konvensjonane i norsk rett. For å sikre eit kontinuerleg og heilskapleg arbeid med konvensjonane har vi løpande dialog med norske myndigheiter. Vi varslar om usemjer mellom norsk rett og forvaltningspraksis og FN-konvensjonane, og vi følgjer opp dei anbefalingane norske myndigheiter har fått frå FN.

Vi rapporterer til Kulturdepartementet om brot og usemjer med FN-konvensjonane.

Internasjonal rapportering

FNs komitear består av uavhengige ekspertar som overvaker arbeidet til medlemsstatane med å gjennomføre konvensjonsavgjerdene. Kvart fjerde år gjer Noreg greie for gjennomføringa av konvensjonane sine standardar i politikk, lovgiving og doms- og forvaltningspraksis. Kulturdepartementet er ansvarleg for myndigheitene si rapportering til FNs tilsynsorgan.

Komiteane har utvikla prosedyrar for å gi ikkje-statlege organisasjonar og uavhengige instansar moglegheit til å korrigere statane si rapportering i form av såkalla skuggerapportering/supplerande rapportering. På denne måten er rapporteringssystemet eit viktig pådrivarverktøy, som kan brukast til å tolke likestillings- og diskrimineringsomgrepa, og dessutan til å utvikle, gjennomføre og evaluere likestillingstiltak. I dei seinare åra har dette supplementet til den statlege rapporteringa blitt fremja som svært viktig av komiteane.

Som ledd i rapportskriving til FN har ombodet møte med representantar for det sivile samfunnet og med relevante forskarar, med sikte på at dokumentasjon og vurderingar i rapportane våre skal byggje på grundig kunnskap og vektleggje ulike perspektiv. Ombodet deltek under FNs eksaminasjon av staten, og har førebuande møte med landrapportøren i dei aktuelle komiteane.

Ombodet er med i ei koordineringsgruppe saman med Barneombodet, Norsk senter for menneskerettar og Sivilombodsmannen. Koordineringsgruppa møtest cirka fire gonger i året. Ein viktig agenda er å halde kvarandre orientert om rapporteringane og arbeidet opp mot dei ulike menneskerettskonvensjonane, eventuelt å kunne samarbeide på enkelte tema og gi kvarandre innspel, og i nokre tilfelle kanskje sende felles bidrag.

Arbeid med lovverket

Ein av oppgåvene til ombodet er å rettleie personar som meiner dei har opplevd diskriminering. Gjennom rettleiingstenesta får ombodet kjennskap til ulike problemstillingar. Fleire av desse problemstillingane løftar ombodet til vidare pådrivararbeid. Vi bruker konvensjonane både knytt til individuell og strukturell diskriminering, for eksempel når lovar og reglar diskriminerer enkelte grupper.

Ombodet bruker også konvensjonane i høyringsfråsegner til lovendringar og politiske reformer, og dessutan i saker der ombodet foreslår likestillingsfremjande tiltak på eige initiativ.