Kapittel 5: Vurdering av framtidsutsikter

Det er store utfordringar på likestillings- og diskrimineringsfeltet i Noreg. Utviklinga i 2016 uroar oss framleis, og vi fryktar at dei tema som har prega 2016 vil auke faren for at folk i Noreg blir utsett for diskriminering. 

Økonomiske nedgangstider fører til høgare terskel for å komme inn i arbeidslivet, noko vi veit fører til meir diskriminering av utsette grupper. Flyktningsituasjonen har ført til at fleire er kritiske til innvandring, og til ein tilspissa samfunnsdebatt med sterke motsettingar. Mobbing og trakassering er framleis ei stor utfordring for skoleungdom. Hatytringar er utbredt og rammar mange grupper i samfunnet vårt, som til dømes kvinner, religiøse minoriteter og folk med nedsett funksjonsevne. Vi etterlyser ein offensiv politikk for å handtere disse utfordringane.

Regjeringa har varsla store omveltingar på likestillings- og diskrimineringsfeltet både når det gjeld lovverk og handheving. Regjeringa tar sikte på å få behandle forslaga til ny organisering av ombodet og nemnda i løpet av våren 2017. Ombodet har påpeika at det er uklart hvilke konsekvensar omorgaiseringa får for rettigheitane til brukarane av ombodet. Altså dei som blir utsette for diskriminering.

Som nevnd i føreord har omodet arbeida med ein ny strategi for perioden 2017-2022. Hovudsatsingsområda for ombodet dei neste seks åra er innanfor arbeidsliv, skule og utdanning, vald i nære relasjonar, overgrep og seksuell trakassering, helse, bruk av tvang, hatkriminalitet og hatefulle ytringar. Strategien er utarbeida i samarbeid med sivilt samfunn. Ombodet ba om innspel frå meir enn 400 organisasjonar og virksomheitar i arbeide med strategien. Vi meiner derfor at det er viktig at både ombodet og samfunnet for øvrig arbeidar med temaer innenfor desse områda.