Lova gjev færre sexkjøp

- Sexkjøpslova har vore effektiv, førebyggjande mot brotsverk og eit våpen mot menneskehandel. Slik oppsummerer kriminalinspektør Simon Häggström ved Stockholmpolitiet si prostitusjonsgruppe dei 13 åra som Sverige har hatt sexkjøpslova.

Häggström jobbar med handheving av lova, ute i felten på gater og torg, framfor pc’n.

- Lova fungerar. Prostitusjonen er redusert og hallikane og sexindustrien som står bak dei prostituerte ser nå på Sverige som ein dårleg marknad å etablere seg på. Færre sexkundar medfører at menneskjehandlarane ikkje lenger får den fortenesta dei forventar, fortel Häggström. Han viser til at før var det omlag 3000 prostituerte i Sverige, i dag er det max 1000. 

Før kunne det vere 70-80 prostituerte på same natt i Malmskildnadsgatan i Stockholm, no er det max 10-15, og også kveldar utan prostituerte. Menneskjehandlarane får rett og slett ikkje nok forteneste ut av den svenske sexmarknaden.

Eit likestilt samfunn er utan sexkjøp

Bakgrunn for sexkjøpslova i Sverige var rett og slett eit likestilling.

- I eit likestilt, moderne samfunn er det ikkje akseptabelt at ein kan kjøpe menneskekropp. Når det ikkje er lov å kjøpe sex, avheld menn seg frå å kjøpe sex, fortel Häggström.

- Dette er ei lov som er for den store majoriteten av prostituerte. For dei aller fleste vi møter gjennom jobben, er det kvinner som ikkje har noko val. Dei seljer sex for å overleve, for å ha mat til borna sine, seier kriminalinspektøren. Han understrekar at lova er eit av fleire tiltak for å hjelpe dei prostituerte. Dei sosiale hjelpetiltaka for å få dei ut av prostitusjon er mange i Sverige.

Våpen mot menneskjehandel

Ifølgje Häggström er sexkjøpslova eit våpen mot grov, organisert brottverk. 99 prosent av prostitusjonen er organisert og har menneskjehandlarar bak seg. Sexkjøparane betaler eigentleg menneskjehandlarane, seier han. Han meiner at sexkjøpslova er meir effektiv mot handelen med menneskje enn lova om menneskjehandel.

Politsk semje i Sverige

Oppslutnaden om lova har endra seg. Tre år før lova kom, var 67 prosent mot henne. No sluttar 70 prosent opp om lova. Oppslutnaden om lova er særleg stor blant dei unge. Lova er heller ikkje politisk kontroversiell slik som i Norge.

- Alle partia som sit i regjeringa, samt opposisjonen er samde om at lova er bra. Det blir nok ingen politisk omkamp om den svenske lova, seier Häggström og spår at lova vil vare i mange år framover.

Mannsproblem

Simon Häggström fortel at etter snart 14 år med sexkjøpslov, er ingen kvinne så langt tatt for å kjøpe sex.

- Prostitusjon er eit manssproblem. Sexkjøpslova er ei likestillingslov, og ho er lagt inn i arbeidet med menn sin vald mot kvinner. Det er ikkje lenger sosialt akseptert å kjøpe sex i Sverige, seier Häggström.