Vaktbikkje eller byråkrat? Det var utgangspunktet for debatten LDO arrangerte på Litteraturhuset torsdag morgon.

Likestillings- og diskriminerinsgombod Sunniva Ørstavik opna med å seie at likestilling dreier seg om grunnleggjande menneskerettar. 
 
Det, og utgreiinga Likestillingsutvalet presenterte sist veke, var utgangspunkt for ein paneldebatt med nestleiar Gerd Kristiansen i LO, OMOD-leiar Akhenaton Oddvar de Leon, nestleiar Janne Skei i Noregs handikapforbund og ombod Sunniva Ørstavik.

- Det må bli mogeleg å føre diskrimineringsaker for retten, sa Akhenaton de Leon.

- Eg meiner vi må leggje mest vekt på iverksetjingstrukturar lokalt der likestillingsarbeidet skal foregå, sa Kristiansen.

- Kommunane sine aktivitets- og rapporteringspliktar er viktige for å få likestillingsarbeidet nedover i systemet, sa Schei.

Ombod Sunniva Ørstavik avslutta med å seie at ansvaret må ligge hos dei som diskriminerer.   

Bakgrunn

Tysdag 15. november la professor Hege Skjeie fram ein rapport om organiseringa av likestillingsarbeidet i Noreg for likestillingsminister Audun Lysbakken. Eit nytt likestillingsdirektorat, meir pengar til lokale likestillingstiltak og moglegheit til å sleppe og gå til domstolane for å bli tilkjend økonomisk oppreising, var blant forslaga likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik var mest nøgd med.