Torsdag 1. desember arrangerer LDO frukostmøte om framtidas likestillingsapparat. Ombod Sunniva Ørstavik, professor Hege Skjeie og LOs nestleiar Gerd Kristiansen er blant innleiarane.

Nyleg presenterte likestillingsutvalet leia av professor Hege Skjeie ein rapport om likestillingsarbeidet i Noreg. 

Med dette som bakteppe inviterer Likestillings- og diskrimineringsombodet til frukostdebatt i Litteraturhuset i Oslo, torsdag 1. desember klokka 7.45.

Vi spør: Er organiseringa av likestillingsarbeidet bra nok som det er, eller kan vi jobbe enda bedre for å fremme likestilling og hindre diskriminering? Treng vi egentleg eit eige Likestillings- og diskrimineringsombod?

Program

7.45: Frukost

8.15: Velkommen ved likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik

8.25: Presentasjon av Likestillingsutvalets utegreing, v/ professor Hege Skjeie, UiO

    • Kommentar v/ leiar Akhenaton Oddvar de Leon, Organisasjon mot offentlig
      diskriminering (OMOD)
    • Kommentar v/nestleiar Janne Skei, Norges handikapforbund
    • Kommentar v/nestleiar Gerd Kristiansen, LO

8.55: Paneldebatt

9.45: Avslutning

Ordstyrar er Kristina Jullum Hagen, kommunikasjonsrådgjevar og tidlegare utgreingsleiar i Likelønnskommisjonen.

Meld deg på frukostmøtet ved å sende e-post til pamelding@ldo.no.

Skriv på om du treng tilretteleggjing.