Respekt framfor kriminalisering

Ombod Sunniva Ørstavik starta veka på morgonsendingane i NRK kor ho minna om romfolket sine grunnleggjande menneskerettar. Ho meiner det hastar med å få på plass tiltak for tilreisande rom, slik at situasjonen deira ikkje blir like uverdig som i fjor sommar.

 

- Regjeringa har gode forslag til tiltak på bordet. Hvis dei ikkje viser handlekraft no, vil dei bidra til å opprettholde stigmatisering og diskriminering av rom, og vi vil få ein ny sommar med uverdige forhold, seier Ørstavik.

Ombodet har lenge etterlyst tiltak frå regjeringa. Saman med biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen, sende Ørstavik i haust eit brev til statsråd Inga Marte Thorkildsen med krav om at regjeringa tar ansvar og lager gode nasjonale løysingar for å ivareta roms grunnleggjande menneskeretter.

Ørstavik er mellom anna kritisk til meldeplikt for tiggarar.

- Eg er bekymra for at ei meldeplikt vil gjere vondt verre for ei allereie sårbar gruppe, seier ho.