Oljerikdom forsterkar tradisjonelle kjønnsroller

− Likestillinga går bakover når kvinna blir avhengig av mannen sin inntekt, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik, etter at ho måndag møtte kommunetoppar, fylkesmann, og representantar frå olje- og gassektoren. Tema var likestillingsutfordringar i Stavanger-regionen.

Forskar Lennart Rosenlund opna møtet med ein kultursosiologisk analyse av Stavanger. Den bekreftar at kvinner ikkje tek del i den økonomiske veksten, som har prega byen sida oljeeventyret starta på 70-talet.

− Det er eit demokratisk problem at så mykje økonomisk kapital er samla hos eit kjønn, sa han.

Negativ spiral

− Dette ei utvikling som er problematisk på mange nivå, sa likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

− Mange kvinner jobbar deltid for å få kvardagen til å gå opp dei vekene dei er heime åleine med barna. Ein konsekvens er at den kjønnsdelte arbeidsmarknaden blir forsterka, sa Ørstavik.

Rekruttering og strukturelt arbeid

Fagsjef Thina Hagen i NHO-organisasjonen Norsk olje og gass fortalde at bransjen blant anna har utfordringar i rekrutteringsprosessane. 

− Veldig få kvinner jobbar offshore, og dei finn vi fyrst og fremst i forpleiinga, og ikkje som fagarbeidarar. Det heng nok saman med den tradisjonelle oppfatninga om at det er for fysisk krevjande for kvinner.

Men mykje av det operative arbeidet på plattformene er digitalisert, og kvinner kan gjere ein like god jobb som menn, meiner Hagen.

− Det er ei myte at det er tungt og vanskeleg å jobbe i oljeindustrien. Ei stor utfordring er derimot at rekrutteringa nesten berre skjer frå yrkesfag kor det ikkje finst jenter, sa ho.

Treng forbilde

− Å jobbe systematisk med disse regionale utfordringane er det viktigaste ein gjer i likestillingsarbeidet, sa Sunniva Ørstavik då ho avslutta møtet.

- Vi treng gode forbilde som viser at jenter også kan klatre til topps, og rundt bordet her sit det jo verkeleg nokon viktig rollemodellar, sa ho til fylkesmann Tora Aasland, varaordfører Bjørg Tysdal Moe og rådmann Inger Østensjø.

- Alle er symbol på at eit likestilt samfunn er mogleg om ein er villig til å leggja resursar inn i dette arbeidet.

Sjå bilete frå Sunniva Ørstavik sin haustturne på Facebook-sida vår.