Velkomen på frukostmøte
Likestillings- og diskrimineringsombodet ventar spent på Likestillingsutvalet sin andre utegreiing, som blir lagt fram tysdag 25. september. To dagar seinare inviterer vi til frukost.
Professor Hege Skjeie, som leier Likestillingsutvalet, vil presentere utegreiinga.
Dette er den andre utgreiinga frå utvalet, som jobbar for å leggje grunnlaget for framtidas likestillingspolitikk.
- Vi treng debatt
Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik vil kommentere, og gje ombodet sine reaksjonar på forslaga frå utvalet.
I tillegg vil det bli opna for spørsmål frå salen.
- Eg håper at Likestillingsutvalet si utegreing og dette frukostmøte vil starte ein storm om likestilling i haust. Vi treng ein debatt om kvifor vi står stille på månge viktige samfunnsområde, seier Ørstavik.
Når: Torsdag 27. september kl. 09.00 – 10.30 i Mariboesgate 13, Oslo.
Påmelding innen tysdag 25. september til pamelding@ldo.no (epost), vårt elektronisk skjema eller 23 15 73 00.
Skriv i epost eller på skjema om du har behov for tilretteleiing.