Fekk skuletur likevel

Skulen har ansvaret for at alle elevar har moglegheit til å bli med på skuletur. Det kan bety å betale for assistentar for ein elev med nedsett funksjonsevne, seier Eli Knøsen i LDO, som nettopp har rettleia i ei slik sak.

Norges Handikapforbund Nord – Noreg (NHF NN) tok kontakt med ombodet då dei fekk kjennskap til at ein av deira medlemmar, ein gut med nedsett funksjonsevne, ikkje fekk dekt utgiftene til de to assistentane han trengte, og med det ikkje kunne reise på tur.  

Skulen meinte det ikkje var deira ansvar å betale for assistentane.

Skulen sitt ansvar

- Her har nok ikkje skulen vore klar over ansvaret for å sørgje for nødvendig assistanse på reisa, og meint at foreldra skulle betale, seier Eli Knøsen, seniorrådgjevar i LDO.

LDO ga skulen rettleiing.

 - Om ikkje alle i klassen får same moglegheit til å delta kan det vere brot både på opplæringslova, diskimineringslovverket og ikkje minst konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne, seier Knøsen.

Skulen tok ansvar, og betalte for at guten kunne ha med seg assistentane på reisa.