Menn med barn dominerer i dei leiande stillingane i bedriftene, mens kvinner med barn oftare får dei lågaste stillingane. Det viser ny forsking frå Arbeidsforskningsinstituttet. – Fordeling av foreldrepermisjonen mellom mor og far er viktig for å få like utsikter til karriere og lik lønn, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.
Undersøkinga viser også at mellom kvinner og menn som ikkje har barn er det ingen forskjell på kor ein hamner på rangstigen.
Dårleg handsaming av gravide og mødrer og fedrar i foreldrepermisjon dreier seg om mangel på god systematikk i personalarbeidet. Når arbeidstakar er borte frå jobben, kan dette verte tolka som brot med forventningane til arbeidsgjevar. Bedriftene har kort minne, den arbeidstakar som er lenge vekk frå jobben, fell ut på fleire vis, jamfør undersøkinga. Dei fell ut i samband med interessante jobboppgåver, men også i samband med opprykk i lønn, bonusoppgjer og liknande.
Menn som tek permisjon utover pappakvoten møter ofte motstand frå arbeidsgjevar når det gjeld lengda på permisjonen. Arbeidsgjevar presser på for at permisjonen skal leggast slik at den er til minst mogleg ulempe for bedrifta, og ikkje til beste for arbeidstakar.
Fedrar i undersøkinga hadde fått «gode råd» om å ta korte permisjonar, som er betre for karrieren, og trugsmål om kva som ville skje om krava ikkje vart etterlevd. Nokre menn hadde opplevd erting og nedsetjande kommentarar som reiste tvil ved deira mandigheit.
Deler av undersøkinga var gjort mellom kvinner og menn i grupper med høg utdanning. Også her tar mødrer lang og fedrar kort permisjon.
Permisjonane foreldra tek ut får store konsekvensar. Fedrar som ikkje har tatt ut permisjon er mellom dei som opplever å komme høgast på karrierestigen. Dei mødrene som tar ut kortast permisjon har størst sjanse for å få ein leiarstilling, og dei er mellom dei kvinnene som tener mest, og har høgast stilling.
Rapporten skriv at ei likare deling av permisjonen mellom mor og far vil kunne normalisera fråvær i samband med permisjon, og gjera at mor og far deler byrder og godar. Ei likare deling av foreldrepermisjonen vil og demme opp for at permisjonen fortsetter å gje skeiv fordeling mellom kjønna i omsorg for barn, og i arbeidsliv og familie.
- Dette er ein særs interessant rapport som kan setja det norske samfunnet i stand til å styrke likestilling mellom kvinner og menn, i omsorg for barn, og i arbeidslivet. Nøkkelen ligg i likare deling av foreldrepermisjonen, seier Gangås.
Les heile rapporten, klikk her