Ein lærar, som er født i Sør-Amerika, fekk ikke jobben sjølv om ho var den best kvalifiserte søkjaren til ei lærarstilling i Oslo. Skulen handla i strid med forboda mot diskriminering på grunn av etnisitet og språk, ifølgje Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Nemnda handsama åtte saker på eit møte denne veka. Sakene har tidlegare vore vurdert av Likestillings- og diskrimineringsombodet. Nemnda er klageinstans for ombodet. I seks saker var nemnda enig med ombodet, i ei sak kom nemnda til ein annan konklusjon og i ei sak er det enno ikkje kjent kva nemnda har bestemt.

Den kvinnelege læraren meinte at hennar utdanning og erfaring vart endra i prosessen, slik at ho framsto som en dårlegare kandidat til stillinga.

I ei anna sak meinte ei kvinne at ho var diskriminert av Statoil Hydro etter ein kjønnsskifteoperasjon. Ho fekk ikke medhold, verken hos ombodet eller i nemnda.

Likestillings- og diskrimineringsnemndas heimeside