Ei spørjeundersøking Unge funksjonshemma har laga i samarbeid med LDO viser at ungdom med funksjonsnedsettingar har vorte ramma hardt av smitteverntiltaka under koronapandemien.

Hovudmålet med undersøkinga har vore å kartlegga kva konsekvensar smitteverntiltakene under koronapandemien har hatt for rettane og samfunnsdeltakinga til ungdom med funksjonsnedsettingar.

Undersøkinga vart gjennomført i sommar. 474 unge med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom i alderen 12 – 35 år deltok.

 

Dette er nokon av hovedfunna:

  • Svært mange fortel at dei har fått ein forverring i sin psykiske og fysiske helse. Dette heng mellom anna saman med at mange har mista grunnleggande helsetenester som fysioterapi, psykolog, fastlege og spesialisthelsetenester, særleg i nedstenginga våren 2020. Sjølvisolasjon har òg gått hardt utover mange.

  • På skulefeltet fortel omtrent halvparten av dei som tar i mot spesialundervisning, ikkje har fått oppfylt vedtaket sitt. Mange har heller ikkje fått fullført fag eller eksamen på lik linje med sine medelever.

  • Mange fortel at det har vorte vanskelegare å komma inn på arbeidsmarknaden enn før. Fleire av dei som står i arbeidslivet opplever òg det som meir krevjande å stå i jobb enn tidlegare, mellom anna på grunn av dårlegare tilrettelegging og mindre oppfølging frå arbeidsgivar.

  • 1 av 4 fortel at sjølv når samfunnet byrja å opna opp tidlegare i år, kunne dei ikkje delta i samfunnet på lik linje med andre. Mange er sjølv i ei risikogruppe, og må isolera seg for å unngå å bli smitta, sjølv om tenester og aktivitetar kjem tilbake.

Vil du vite meir?


Vil du ha nyheitsbrev fra ombudet?
Send e-post til media@ldo.no