Kapittel 3: Aktivitetar og resultat

I 2016 arbeida vi på fem område for å skape eit meir likestilt samfunn utan diskriminering:

  • Relevant og god hjelp til mange
  • Førebygging
  • Endring gjennom samarbeid
  • Tilsyn med bestemte FN-konvensjonar
  • LDO som kunnskapsorganisasjon

2016 var også likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Inger Bjurstrøm sitt første år som ombod. I 2016 har ombodet arbeida med å utvikle og forankre eit vegkart for særskilde område ombodet ønske å arbeida med i Bjurstrøm sin ombodsperiode. Arbeide har involvert både tilsette hos ombodet og eksterne aktørar med særskild interesse.

3.1 Relevant og god hjelp til mange

Likestillings- og diskrimineringsombodet er til for dei som blir diskriminerte. Vi er til for dei som treng råd og rettleiing, og for dei som vil klage på diskriminering. Vi skal jobbe slik at vi gir god, effektiv og relevant hjelp.

Rettleiing

Ombodet skal vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Arbeidet med folk som har opplevd diskriminering kan delast i to verkemiddel: rettleiing og klagesaksbehandling.

Dei fleste som tar kontakt med oss får først rettleiing. Målet med rettleiinga er at saka blir løyst raskt og med minst mogleg belastning for den som er blitt diskriminert. Vi rettleier enkeltpersonar, arbeidsgjevarar, offentlege styresmakter og andre som har spørsmål om likestilling og diskriminering. Dersom rettleiinga ikkje fører fram, kan det bli ei klagesak. Då gjer vi ei juridisk vurdering av saka, og kjem med ein uttale om vedkommande er blitt utsett for diskriminering eller ikkje.

I 2016 fekk vi 1870 førespurnader om rettleiing. Det er 4 prosent fleire som nytta LDO sin rettleiingsteneste i 2016 samanlikna med 2015. Dei siste tre åra har ombodet hatt ein markant aukning i rettleiingssakar. Det er og folk som tar kontakt i direktemeldingar på Facebook.

Dei fleste som tek kontakt opplever å bli urettvist behandla på grunnlag av kjønn, nedsett funksjonsevne eller etnisitet. Tabell 1 viser at desse sakene utgjer 33, 20 og 13 prosent av rettleiingssakene.

Tabell 1: Registrerte rettleiingssaker etter grunnlag for diskriminering

Diskrimineringsgrunnlag

2016

Del

Alder

93

5 %

Anna

416

22 %

Etnisitet (inkludert språk)

240

13 %

Kjønn

613

33 %

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

29

2 %

Nedsett funksjonsevne

371

20 %

Religion

85

5 %

Seksuell orientering

23

1 %

Totalt

1870

100 %

 

Tabell 2: Registrerte rettleiingssaker etter samfunnsområde

Samfunnsområde

2016

Del

Anna

192

10 %

Arbeidsliv

1002

54 %

Bustad

56

3 %

Offentleg forvaltning

159

9 %

Politi, rettsvesen mv.

42

2 %

Utdanning

137

7 %

Varer og tenester

282

15 %

Totalt

1870

100 %

 

Dei fleste sakene gjeld diskriminering i arbeidslivet, følgt av saker om tilhøve som gjeld privat og offentleg vare- og tenesteyting og forskjellsbehandling i møte med offentleg forvaltning.

 

Klagesaker

I 2016 registrerte vi 175 nye klagesaker. Dette er ein svak nedgang frå 2015, da vi registrerte 181 klagesaker. Talet på klagesaker har variert noko die forskjellige åra, med eit markert toppår i 2009 då diskriminerings- og tilgjengelighetsloven trådde i kraft.


Tabell 3: Klagesaker etter diskrimineringsgrunnlag

Diskrimineringsgrunnlag

2016

Del

Alder

15

9 %

Anna

23

13 %

Etnisitet (inkludert språk)

32

18 %

Kjønn

43

25 %

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

5

3 %

Nedsett funksjonsevne

46

26 %

Religion

9

5 %

Seksuell orientering

2

1 %

Totalt

175

100 %

Dei fleste som klagar gjer det fordi dei opplever at dei er blitt forskjellsbehandla på grunn av sin nedsette funksjonsevne. Forskjellsbehandling på grunn av kjønn, er den andre hovudårsaka til at folk klagar. 

Tabell 4: Klagesak etter samfunnsområde

Samfunnsområde

2016

Del

Anna

9

5 %

Arbeidsliv

107

61 %

Bustad

3

2 %

Offentleg forvaltning

8

5 %

Politi, rettsvesen mv.

5

3 %

Utdanning

13

7 %

Varer og tenester

30

17 %

Totalt

175

100 %

Tabell 4 viser at også dei fleste klagene gjeld området arbeidsliv.

Vi handsama ferdig 219 klagesaker i 2016. 10 av desse sakene avviste ombodet. 35 av sakene vart lagt bort, se diskrimineringsombudsloven § 3 femte ledd. Ombodet benytta ikkje muligheitane til å fatte vedtak etter diskrimineringsombudsloven § 4 i 2016.

Ein del saker blir sendt til Likestillings- og diskrimineringsnemnda, fordi ein av partane er ueinige i utfallet hos ombodet. Både dei som er part i ei sak og ombodet, kan sende saker til nemnda.

Tabell 5 viser at 70 saker blei sendt til Likestillings- og diskrimineringsnemnda i 2016. Den markante aukinga i saker til nemnda i 2015 har ikkje fortsatt. Saksmengda til nemnda er tilbake på nivået frå 2014 og tidlegare år.

Av dei 70 sakene blei 56 påklaga til nemnda av klagaren og 12 av den innklaga. To saker blei påklaga av begge partar.

Tabell 5: Saker klaga inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda, etter klagetype

Klaga inn av

2015

2016

Innklaga

30

12

Klagar

57

56

Båe

2

2

LDO

9

 

Totalt

98

70

 

Tabell 6 Resultat av saker etter behandling i nemnda i 2016

Resultat av behandling i nemnda

2015

2016

Delvis omgjorde

2

2

Omgjorde

24

18

Oppretthalde

27

38

Anna

2

 

Totalt

55

58

 

Tabell 6 viser resultat i sakene som var i nemnda i 2016. Det er ikkje bare saker ombodet behandla i 2016. Mange av dei er frå tidlegare år. I 2015 kom nemnda til eit anna resultat i nær halvparten av dei sakene nemnda behandla. Det er eit høgt tal, og ei markant auke frå tidlegare år. I 2016 omgjorde nemnda ombudet sin konklusjon i 20 av de 58 sakene som ble behandla (34 prosent). Omgjeringsprosenten er såleis tilbake på nivået frå tidlegare år. 

Av dei 18 sakene nemnda omgjorde i 2016 vart 70 % omgjorde til gunst for den parten som vart klaga inn for ombodet(*). 15 % av dei 18 sakene omgjorde nemnda til gunst for den som klaga saka inn for ombodet (**) . 

(*Brudd omgjord til ikkje brudd eller lagd bort/avvist.)

(**Ikkje brudd omgjord til brudd, og saker lagd bort eller avvist sendt tilbake til ombodet.)

Ombodet arbeider fortløpande med å analysere sakene som bli behandla i nemnda. Vi så behov for å gjere ein særleg grundig analyse av sakene som nemnda behandla i 2015, gitt dei endringane som skjedde i 2015. Det er viktig å vite om endringa skyldast særtrekk ved sakene, endra praksis hos ombodet eller i nemnda, eller andre omstende.

Ombodet engasjerte derfor tidlegare høgsterettsdommar Karin M. Bruzelius våren 2016 for å analysere 52 av nemnda sine avgjerder i perioden 2013-2015 der nemnda kom til eit anna resultat enn ombodet. I same periode behandla nemnda totalt 162 saker og ombodet 667 klagesaker. Bakgrunnen for gjennomgangen var at i denne perioden auka talet på saker som vart påklaga og sendt til nemnda. Samstundes auka talet på saker som fekk eit anna resultat, til nærmare 50 prosent i 2015. Bruzelius sin gjennomgang viste at i dei fleste sakene der nemnda kom til eit anna resultat, var faktum i sakene endra, for eksempel at partane hadde lagt fram nye opplysningar. I nokre saker vurderte nemnda og ombodet også jussen forskjellig. I motsetning til ombodet har nemnda anledning til å høyre partane. Ombodet har skriftleg sakshandsaming. Derfor vil bevisa i nokre anlede synast ulik for nemnda.

Bruzelius kom med fleire tilrådingar til ombodet sin sakshandsaming. Disse vil bli følgje opp av ombodet i 2017.

Brukerundersøkelse 

Likestillings- og diskrimineringsombodet har i 2016 kartlagt korleis brukarane opplever verksemda. Vi undersøkte kor fornøgd våre brukarer har vært med ulike sider av ombodet sin saksbehandling i klagesaker som er knytta til graviditet. Vi sendte undersøkinga til parter i 37 saker (76 deltakere). Vi mottok svar frå 20 personer som hadde sendt inn klage(r), og frå 21 som hadde blitt anklaga for diskriminering. Av disse var det 22 som hadde fått medhold i sine påstander og 17 som ikjke hadde fått medhold. To av sakene blei lagt bort. 

Resultatet viser at det er liten forskjell mellom opplevinga til klagarane og dei innklaga når det gjeld ombodet sin behandling totalt sett. Både klagar og innklaga gir uttrykk for at dei har tillit til ombodet og ombodet sin begrunnelse for resultatet i saka. Om brukarane var tilfreds med ombodet sin saksbehandling, inkludert om dei opplevde ombodet som tillitvekkande med grunngitte avgjerder, blir tilsynelatande bestemt av om dei fekk medhald. Dei som fekk medhald i saka er mykje meir fornøgd med saksbehandlinga enn dei som ikkje fekk medhald. 

Det er liten forskjell på opplevinga vinnarane og taparane har av informasjonen dei får. Derimot viser resultatet at klagar er noko meir fornøyd med informasjonen dei får, og i større grad gjer uttrykk for at det er lett å få kontakt med saksbehandlar. Dette er forståeleg da dei fleste klagesakane starter med at det blir gitt rettleiing, og svara skiller ikkje informasjonen brukarane har fått som rettleiing og under klagebehandling. Det kan tenkes at en større andel av klagarane var fornøgde med den informasjon dei fekk som rettleiing. 

Halvparten av respondentane var fornøgde med tida saksbehandlinga tok hos ombodet. Om dei tapte eller vant saka, synes å virke meir inn på brukaranes oppleving av saksbehandlingstida, enn faktisk saksbehandlingstid.

På bakgrunn av kartlegginga har ombodet innført tiltak som kan forbedre tenesten. Ombodet har laga nye brevmalar, som skal sikre at partane så tidlig som mulig får tilstrekkeleg informasjon om ombodet sin saksgang og deira rettar/pliktar. Breva er meir informative, samtidig som dei er tydelegare, både når det gjeld saksbehandlinga ved ombodet, men også om korleis opplysningar ombodet trenger. Som vedlegg til første brev ut, følger informasjonsskriv om blant anna partanes opplysningsplikt, bevisreglar og konsekvensar av ombodet sin uttale. 

Tydelege og informative brev, og raskare tilbakemelding til partane, bidrar også til hurtigare opplysning av saka og kortare saksbehandlingstid. Ombodet har hatt fokus på å få ned saksbehandlingstida, som i 2016 har blitt betydelig redusert.

Låg terskel for å kontakte ombodet 

For å hjelpe mange er det viktig å vere tilgjengeleg. Folk skal kunne ta kontakt med oss gjennom mange ulike kanalar. Vi gir rettleiing per brev, e-post, sms, telefon og i sosiale medium. Det er òg mogleg å møte opp personleg.

For å senke terskelen for å komme i dialog med oss, satsar vi på arbeid med sosiale medium. LDO prioriterer Facebook og Twitter. Mange har spørsmål om deira opplevingar er diskriminering, og korleis dei skal handtere det. Så langt det er mogleg svarar vi på spørsmåla vi får i sosiale medium, men dersom dialogen vert for kompleks eller personsensitiv, vel vi ein annan kommunikasjonskanal. 

I rettleiinga vår og dialogen med ulike grupper er nettsida viktig. I februar 2015 lanserte vi ein oppdatert versjon av www.ldo.no, der rettleiing er i fokus. Nettsida skal vere ein kanal der vi gir rettleiing, og fortel folk, det vere seg enkeltpersonar, tillitsvalde og arbeidsgjevarar, om rettar og plikter. 

Betre og raskare hjelp

For å hjelpe dei som er utsette for diskriminering, er vi opptatt av at dei raskt skal komme i dialog med oss. Personar som ringer oss, skal få svar same dag. Når det gjeld førespurnader på e-post, brev og i sosiale medium, skal første svar bli gitt så snart som mogleg, og seinast i løpet av ni dagar.

Vi arbeidar kontinuerleg med å sikre rask sakshandsamingstid. Arbeidet har gitt resultat. Det var ei nedgang i sakshandsamingstid i 2014, som fortsette i 2015, sjå tabell 7. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker var 186 dagar i 2016. Ombodet handsama ferdig 113 av dei 175 klagesakene som vart motteke i 2016. Den gjennomsnittlige sakshandsamingstida for desse sakene var 113 dagar. Ei følgje av kortare sakshandsamingstid er at talet på klagesaker som ikkje er ferdig handsama har vorte jamt lågare dei siste åra. 1 januar 2014 hadde ombodet 146 ikkje ferdig handsama saker. Talet for 1 januar 2015 var 143, for 2016 107 medan talet for 1. januar 2017 var 64 klagesaker som ikkje var ferdig handsama.

Tabell 7 Sakshandsamingstid for klagesaker dei siste tre åra

År ut

Gjennomsnitt av sakshandsamingstid (dagar)

2014

284

2015

245

2016

186

Vi har fortsatt vårt arbeid med å redusere sakshandsamingstid på rettleiingssaker. Av dei 1870 rettleiingssakene som er registrert i 2016, er 1692 avslutta i løpet av 2016. Gjennomsnittleg handsamingstid for sakene som er avsluttet er 13 dager, en nedgang frå 25 dager i 2012, 21 dager i 2013 og 15 dager i 2014.

Prinsipielt viktige saker

For å hjelpe mange er det viktig for ombodet å bruke dei sakene vi får inn til å endre diskriminerande strukturar. Sjølv om det ofte er enkeltpersonar som tek kontakt med oss, er årsakene ofte strukturelle problem som rammar mange. Det kan til dømes vere eit diskriminerande regelverk, ein praksis som set nokon i ein dårlegare posisjon enn andre, eller nye datasystem nokre grupper ikkje kan bruke.

Det er fleire årsaker til at det er viktig for oss å jobbe med prinsippielle saker. Dei sett standarden for andre saker, dei bidreg til å endre rammevilkåra som fører til diskriminering, og dei kan bidra til å løfte opp problemområde til debatt, som igjen kan auka engasjement og forståing.

Ombodet handsama fleire prinsipielt viktige saker i 2016. Eit eksempel er ei klage mot Oslo kommune som gjaldt pensjonsordninga for dei kommunalt tilsette. Pensjonsvedtektene er utforma slik at tilsette som jobbar deltid fast, ikkje får pensjonsopptening for meirarbeid. Sidan det er fleire kvinner enn menn som jobbar deltid, kom ombodet til at ordninga var indirekte diskriminerande overfor kvinner. Kommunen klagde på ombodet sin uttale, og saka skal no opp for Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Ei anna viktig klagesak gjaldt rett til å få laga nytt vitnemål med nye identitetsopplysningar etter endring av juridisk kjønn og folkeregistrert navn. Ein tidlegare elev ved ein folkehøgskole endra juridisk kjønn frå kvinne til mann og skifta i tillegg fornamn. Han ønska å få endra vitnemålet frå folkehøgskolen, men fekk avslag. Han klaga til ombodet som tok kontakt med skulen. Etter dette endra skulen sine rutiner og ga eleven nytt vitnemål. Ombodet merka seg dette, men på grunn av det prinsipielt viktige spørsmålet saka gjaldt, kom ombodet likevel med ei fråsegn der ombodet slo fast at å nekte å gje nytt vitnemål etter endring av namn og juridisk kjønn er diskriminering på grunn av kjønnsidentitet.

I samband med denne saka tok ombodet også kontakt med BLD. I brev av 30. september 2016 til ombodet skriv BLD at departementet meiner at elevar har krav på nye vitnemål for skolar som er omfatta av opplæringslova, lov om folkehøgskolar og universitets- og høgskolelova. Departementet understreka samstundes at retten til nytt vitnemål ikkje går klart fram av lovverket. Departementet skrev at følgjande skal gjerast for å presisere retten til å få nytt vitnemål som er i samsvar med kjønnsidentiteten:

  • Kunnskapsdepartementet vil be Utdanningsdirektoratet ved fylkesmannsembetene om å rettleie skolar og skoleeigarar om rettigheten. 
  • Kunnskapsdepartementet vil ta opp saka i relevante fora, som møter med sjefane for fylkesutdanninga. 
  • Kunnskapsdepartementet vil sende brev til folkehøgskolane og gjere oppmerksom på retten.
  • Kunnskapsdepartementet vil i brev oppfordre universiteter og høgskolar om å skrive ut nytt vitnemål til personar i tråd med kjønnsidentiteten studentane har.

Saker på eiget initiativ

LDO kan ta opp saker om diskriminering på eiget initiativ, når vi blir kjend med moglege diskrimineringssaker gjennom media, i samfunnsdebatten, eller ved at enkeltpersonar tipsar oss.

I 2016 ble det mykje mediemerksemd knytta til eit turistsenter i Lom, Nissegården, som hadde uttalt til dei lokale myndigheitene og i avisa at dei ikkje ville ta imot besøk frå flyktningar gjennom flyktningetenesten i kommunen.

Ombodet engasjerte seg i saka og tok kontakt med Nissegården. Ombodet sjølv og to medarbeidarar dro til Lom for å møte partane og få eit betre innblikk i saka. Møtet enda med at Nissegården kom med ei erklæring på sin heimeside om at flyktningar er velkomne på senteret og at det aldri hadde vore meininga å stenge ute flyktningar. Etter dette avslutta ombodet klagesaka.

3.2. Førebygging

Arbeidet vårt handlar ikkje berre om å hjelpe dei som har opplevd diskriminering. Det handlar òg om å førebygge, og å sikre at dei strukturane og ordningane vi har i samfunnet, faktisk bidrar til å fremme likestilling og hindre diskriminering. Mykje av rettleiingsarbeidet vårt handlar om å gje råd og rettleiing til arbeidsgjevarar, styresmakter og andre, slik at dei jobbar på ein måte som fremmer like høve for alle.

Ombodet skal påpeike samfunnsskapte barrierar som hindrar like høve, spreie informasjon om likestilling og diskriminering, og ta initiativ til debattar om både status på området og ulike verkemiddel som kan brukast i arbeidet for eit meir likestilt samfunn. 

Førebygging ved å rettleie om plikter

Det er ein viktig del av arbeidet vårt å gje arbeidsgjevarar, styresmakter og andre ansvarlege kunnskap om pliktane sine og om korleis dei skal gjere det aktive arbeidet for likestilling og det førebyggande arbeidet mot diskriminering. 

Vi har gjennomført og delteke på fleire kursopplegg for aktørar i arbeidslivet. Vi prioriterer å gi informasjon og opplæring til personar, organisasjonar og verksemder som igjen når ut bredt. Kursa gir også LDO kunnskap om og innsikt i utfordringar våre brukargrupper har, og er dermed viktige i arbeid vårt. 

Ombodet fører tilsyn med og gir rettleiing om dei lovpålagde aktivitets- og rapporteringspliktane. Ombodet legger stor vekt på å rettleie om pliktane arbeidsgjevarar har for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Gjennom rettleiingsarbeidet får vi innblikk i korleis arbeidsgjevarar jobbar med desse problemstillingane frå dag til dag, og kan bidra til at rutinane, praksisane og systema deira byggjer opp under målet om eit likestilt arbeidsliv. 

I 2016 har vi jobba vidare med opplæring og kursing av arbeidstakarorganisasjonar. Formålet har vore å få på plass gode rutinar for å hindre diskriminering og trakassering. Ombodet undersøkte også If Skadeforsikring årberetning for 2016. Ombodet kom fram til at dei ikkje hadde oppfylt krava etter likestillingsloven for kva ein årsberetning skal innehalde. If Skadeforsikring har retta seg etter ombodet sin avgjerd. Vi har i 2017 fortsatt samarbeidet med If Skadeforsikring. 

Engasjement for og debatt om likestilling

Media er ein viktig kanal for ombodet av fleire grunner. Vi bruker media for å spreie informasjon om rettar og plikter, og fortelle kva ombodet kan bidra med. Vi bruker også media for å skape engasjement for likestillings- og antidiskrimineringsarbeid. I 2016 har vi satt dagsorden med på fleire område. Blant desse er saker og debattar knytta til religion, religionsfrihet, seksuell trakassering, arbeidslivsdiskriminering og pensjon. Hausten 2016 har det vore eit særleg fokus på proaktivt mediearbeid, noko som aleine ga meir enn 70 saker som vi initierte i mediene. 

Vi baserer det vi seier i media og andre områder på mellom anna forsking på likestillings- og diskrimineringsfeltet, høringssvar vi har gitt, og våre eigne faglege analysar og klagesakar. Noreg sine forpliktingar etter FNs konvensjonar er også ofte utgangspunkt for våre utspel. Du kan lese meir om tilsynsansvaret og høringsarbeidet i del 3.4.

Ombodet er opptatt av å bruke ulike type medium for nå ulike målgrupper, og sikre god geografisk spreiing i dekninga. Vi har også god auke i følgjarar av våre sosiale medie-kanalar.

Også 2016 fekk hets og hatytringar i samfunnsdebatten mykje merksemd. Fleire fortalde at dei ikkje orkar å ha ei offentlig stemme i debatter fordi dei opplever hets og trakassering. Vi initierte også fleire sakar om hatkriminalitet retta mot våre målgrupper i samarbeid med mellom anna VG. Diskusjonen har handla om skadeverkingane av hatytringar og hatkriminalitet, og korleis vi kan motverke dette. Ombodet har delteke i debatten med utgangspunkt i rapporten vår om hatytringar og hatkriminalitet, som blei lansert i april 2015 og ECRI sin evaluering av Norges arbeid mot hatytringar og hatkriminalitet. Ombudets arbeid mot hatytringar og hatkriminalitet held fram i 2017, også med eigne prosjekt. 

Foredrag

For å sikre eit reelt diskrimineringsvern, er det av stor tyding at folk kjenner rettane sine. Behov for kunnskap er stort. Foredrag er derfor ein prioritert aktivitet, for å nå ut med informasjon om rettar, ombodet sitt arbeid og likestillings- og diskrimineringsutfordringar. 

Det er ei stadig auke i førespurnader om foredrag. I 2016 ga vi ca. 250 foredrag og innlegg. Det er ei auke frå 150 foredrag i 2014 og 200 i 2015. Vi holdar foredrag for mange ulike grupperinger som frivillige organisasjonar, verksemder og arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar. Vi tek jamleg i mot besøk frå utanlandske delegasjonar, som ønsker kunnskap om ombodsordninga, organisasjonen og arbeidet. 

Likestillings- og diskrimineringsombodet holdt i 2016 mellom anna ein serie foredrag for Forsvaret. Temaet for soldataksjonen var seksuell trakassering. Ombodet ble invitert til samarbeid av ordninga for tillitsvalde i Forsvaret. Tillitvalde i Forsvaret anerkjenn at det er eit problem med seksuell trakassering i Forsvaret. I forbindelse med at det vert allmenn verneplikt i Noreg, var det eit ønske om å retta fokus på problemstillinga. Ombodet hald syv foredrag for omlag 3000 soldatar. Tilbakemeldingane var gode og samarbeidet med Forsvaret om å hindra seksuell trakassering vil fortsette i 2017. 

Ombudet har sjølv gitt fleire større foredrag, mellom anna om rekruttering hos til dømes NHO, om likestilling hos Forsvaret, om valdtekt på Universitetet i Oslo knytta til den såkalla Hemsedal-saka, og ikkje minst arbeidet mot vold blant kvinner, til dømes under 8. mars-markeringen i Bergen.

Arrangement og debattmøte

LDO skal være eit møtepunkt for aktørar på likestillingsfeltet. For å lytte til personar som møter ulike utfordringar i samfunnet, og for å lære meir om kva vi kan gjere og ta tak i, prioriterte vi å lage arrangement med ulike tema. Vi live-overfører arrangementa på internett, slik at det går an å følge med sjølv om ein ikkje er fysisk til stade. 

I 2016 hadde vi til dømes eit frukostmøte om kjønn, arbeid og omsorg. Arrangementet blei holdt i forbindelse med arbeidstidsutvalget sin utredning. Vi var også representert under Oslo Pride, i paraden og med stand. Under Arendalsuka hadde vi eit arrangement i samarbeid med vårt brukerutvalg, og stand på torget i Arendal. Arrangementet under Arendalsuka omhandla utestenging frå arbeidslivet. 

Tirsdag 8. og onsdag 9. november arrangerte ombodet to konferanser om hatkriminalitet. Dette ble arrangert i samarbeid med European Commission against Racism and Intolerance (ECRI) og Nettverket mot hatkriminalitet. Temaet for konferansane var kunnskap om korleis andre land arbeidar mot hatkriminalitet. Ombodet ønska å få kunnskap om korleis myndigheitene kunne arbeide betre for å motarbeide hatkriminalitet og hatytringar. Arrangementene var godt besøkt med representanter både frå myndigheitene, politikarar og fagpersonar. 

Vi avslutta året med eit møte knytta til kampanjen Taushet tar liv. I 2016 var det særleg merksemd på at overgripar skal ha byrden. At den som har blitt ramma av vold ikkje ender opp med hemmeleg adresse (kode 6) som einaste reelle tiltak for å beskytte vedkommande, men heller får fortsette livet i sitt eiget heim, med jobb, skule og nettverk. I samarbeid med Krisesentersekreteriatet arbeida ombodet for at overgripar i staden skal bli gitt besøksforbod og elektronisk overvåking (omvendt voldsalarm/fotlenke). 

Arrangementa våre er godt besøkte. 

3.3 Endring gjennom samarbeid

Vi er avhengig av å samarbeide med andre aktørar, for å nå våre mål om å hjelpe dei som har vore utsette for diskriminering og endre dei strukturane som skapar diskriminering. I alle prosjekta våre er det viktig å avklare kven vi kan samarbeide med for å nå måla våre. 

Samarbeid med sivilt samfunn

Samarbeid med sivilt samfunn er viktig av fleire grunner. Det er viktig for å styrke kunnskapen til ombodet om røynslene til brukarane – dei som opplever diskriminering og mangel på likestilling i Noreg. Sivilt samfunn er viktige samarbeidspartnarar for ombodet i tilsynsarbeidet overfor norske styresmakter, og i arbeidet med å skape engasjement for likestilling. 

I 2015 laga LDO ein plattform for kontakten med sivilt samfunn. Den slår fast at LDO ikkje kan fylle si samfunnsrolle utan kontakt med dei som blir ramma av diskriminering. Ombodet skal ta utgangspunkt i dei diskriminerte sitt perspektiv, og ser på erfaringsbasert kunnskap som like gyldig som annan kunnskap. Dessutan er samarbeid med sivilt samfunn viktig for å få til endringar som fremmer likestilling. Målet med plattforma er å vere tydeleg på korfor og korleis vi involverer sivilt samfunn. Vi ønskjer å nå ut til fleire delar av sivilt samfunn, å involvere sivilt samfunn meir i arbeidet vårt, og å involvere meir i heile prosessar – frå planlegging til gjennomføring og evaluering av til dømes eit prosjekt. I 2016 har plattforma blant anna blitt tatt i bruk i forbindelse med ombodet sitt arbeid med ny strategi for perioden 2017‑2021. 

LDO har eit brukarutval. Det er samansett av representantar for relevante interesseorganisasjonar og brukargrupper innanfor ombodet sine satsingsområder. Formålet med utvalet er primært å styrke ombodet sin kunnskap om brukarane sine erfaringar. Formålet er også å utvikle forståinga for kompleksiteten i diskrimineringa som skjer, samt skape god forankring og gjennomslag for det samarbeidet, både i ombodet og utvalsmedlemmene sine organisasjonar og nettverk. Brukarutvalet består av 14 ressurspersonar med brei kunnskap og kompetanse. 

I 2016 blei det gjennomført fleire møter. Tema som var oppe var blant anna rapportering til FN sin kvinnekomité, sivilt samfunns innvolvering i likestillings- og diskrimineringsarbeidet og temaer som dei mente ombodet burde vurdere i strategiarbeidet til LDO fremover. Hva ser organisasjonane som viktige milepæler framover. Ombodet sitt brukerutval ble også bedt om å gi innspill om sin erfaring med involvering i myndigheitene sitt arbeid med likestilling. I tillegg var også i 2016 et av temaene «god rekruttering er likestilt rekruttering». Ombodet deltok og på brukerutvalget sitt arrangement om rekruttering i arbeidslivet under Arendalsuka i 2016. 

LDO har hatt eit samarbeid med Krisesentersekretariatet i tre år om kampanjen Taushet tar liv. Sjå meir omfattande omtale på side 15. 

Samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane

I arbeidet med diskriminering i arbeidslivet er samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane avgjerande. Vi er jamleg i kontakt med organisasjonar i rettleiingsarbeidet, og held ofte kurs og foredrag for fagforeiningar. 

Vi har i 2016 fortsatt å prioritere å få utvalde organisasjonar til å få på plass opplæring til tillitsvalde om likestilling og anti-diskriminering. Ombodet ser på saksomfanget at dette fortsatt fører til at organisasjonane bringer fleire saker inn for ombodet, samt at vi i kontakten med organisasjonane får betre kjennskap til utfordringane som er i arbeidslivet. Vi har stor tro på denne framgangsmåten i arbeidet for eit meir likestilt arbeidsliv. Målet er at organisasjonane på eigen hand skal overta opplæringa av tillitsvalde, noe ombodet nå ser skjer i større grad. 

I 2016 hadde ombodet blant anna opplæring for alle hovudtillitsvalde i Sykepleierforbundet om graviditetsdiskriminering og opplæring om diskrimineringslovgivningen av alle saksbehandlerne i Sykepleierforbundet. Ombodet hadde også opplæring på alle basiskurs for nye tillitsvalde i Industri&Energi. Dette arbeidet vil ombodet prioritere også i 2017. Vi arbeider nå med å få på plass et systematisk kurs-opplegg for opplæringa. I 2016 hadde ombodet blant anna et pilotkurs om seksuell trakassering. 

Samarbeidsprosjekt med Spania

Ombodet hadde og i 2016 et samarbeid med spanske myndigheiter om kjønnslikestilling finansiert av EØS sin finansieringsmekanisme (EEA/Norway Grants). Dette har vært eit omfattande program og dekker blant anna kvinner sin tilgang til arbeidsmarkedet, likelønn, entreprenørskap, kvinner i leiarstillingar, kvinner i styrer, balansen mellom arbeidsliv og familieliv, og arbeid mot vald mot kvinner. Ombodet har i dette programmet og hatt et tett og godt samarbeid med den norske ambassaden i Madrid. 

Til tross for ein politisk ustabil situasjon i Spania i 2016, er ein del aktiviteter gjennomført med suksess: Rapport med samanlikning av politikk og lovgiving på feltet kjønnsbasert vald i Spania, Norge og Island ble utarbeida av Aspacia, ein spansk organisasjon. LDO og spanske myndigheiter utvikla et samarbeidsprosjekt som tar sikte på å integrere kvinner som er ofre for kjønnsbasert vald i arbeidslivet, og dermed bryte ut av valden dei lever i. Som ein del av dette prosjektet blei det etablert eit pilotprosjekt i Sør Odal kommune, kor tre norske firmaer har forplikta seg til prosjektet for å finne metodar for å skaffe arbeid for kvinnene. Eit kurs for dei norske firmaene blei holdt i Spania med organisasjonar og bedrifter som har erfaring med tiltak for å skaffe arbeid for kvinner ramma av vald. 

Eit anna prosjekt utvikla under programmet omfatta norske kvinner med rom og romani/tater-bakgrunn, i samarbeid med kvinner med samme bakgrunn i Spania. Som eit resultat av dette har LDO etablert ein arbeidsgruppe for rom og romani/tater-kvinner i Noreg. Det blei også våren 2016 arrangert ein studietur for kvinner i den norske ressursgruppa til Madrid og møter med det spanske nasjonale rådet for romanes for utveksling av erfaringar. 

Promociona-prosjektet hadde som mål å få fleire kvinner inn i høgare stillingar. Det blei også arrangert ein konferanse i Spania for å utveksle erfaringar og kunnskap mellom Noreg og Spania. 

3.4 Tilsyn med FN-konvensjonar

LDO skal endre strukturane som er med å oppretthalde diskriminering og mangel på likestilling. I dette arbeidet må ombodet identifisera dei barrierane som er laga av samfunnet, og gjere gode analysar for å kunne foreslå endringar. 

Grunnlaget for endringsarbeidet er først og fremst det lovfesta tilsynsansvaret LDO har for FN sin kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW), FN sin rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD).

For å sikre god og effektiv arbeidsfordeling med andre ansvarlege institusjonar, deltek ombodet i ein koordineringsgruppe med Nasjonal institusjon for menneskerettar, Barneombodet og Sivilombodsmannen. LDO sat òg i det rådgjevande utvalet til Nasjonal institusjon for menneskerettar, og er medlem i det rådgjevande utvalet for ny førebyggjande mekanisme mot tortur og umenneskeleg og nedverdigande behandling. 

Nasjonal og internasjonal rapportering

Ombodet tek jamleg opp tilhøve med norske styresmakter som vi meiner er problematiske sett opp mot forpliktingane etter dei tre konvensjonane vi har tilsynsansvar for. 

Ombodet sin påpeiking av konvensjonsforpliktingane til staten i samband med høyringssvar, er ein viktig del av tilsynsansvaret, og den nasjonale rapporteringa. LDO skriv òg nasjonale rapportar på eige initiativ om menneskerettslege utfordringar som krev meir omfattande analyse. I tillegg til den nasjonale rapporteringa gir LDO uavhengige supplerande rapportar til FN-komiteane som overvaker dei konvensjonane vi har tilsynsansvaret for. Det vil seia at LDO sender eigne rapportar til CEDAW-komiteen, CERD-komiteen og CRPD-komiteen i samsvar med den rapporteringssyklus som gjeld for den norske statsrapporteringa. Vi gir òg innspel til BLD for å bidra til at staten sin rapport skal gje eit mest mogleg dekkande bilete av dei utfordringane Noreg har når det gjeld å sikre rettar etter dei tre FN-konvensjonane. 

I arbeidet med rapportane til FN, inviterer vi sivilt samfunn til konsultasjonsmøte. 

Ombudet sendte i juli 2016 inn sin supplerende rapport til FN sin komité for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD-komiteen). Regjeringa rapporterte i 2015 til CRPD-komiteen. Dette var første gang etter at Noreg ratifiserte CRPD-konvensjonen. Ombodet har rapportert inn at Noreg manglar ein politikk som sikrar at individet kan bestemme på eigen hand, som aktivt kjempar mot fordommar og stereotypiar og som systematisk gjer samfunnet meir tilgjengeleg og inkluderande. Dette er utdjupa med følgande tema:

  • Manglande kunnskap og dokumentasjon
  • Pasientar i psykisk helsevern er utsett for diskriminerande tvang
  • Personar med utviklingshemmingar og personar med demens er utsett for tvang
  • Funksjonshemma får ikkje støtte som ivaretar deira rett til å bestemme sjøl
  • Funksjonshemma er utsett for vald og overgrep
  • Funksjonshemma er utsett for hets, trakassering og hatkriminalitet
  • Funksjonshemma blir diskriminert i arbeidslivet
  • Skolar er ikkje tilgjengelege for elevar med nedsett evne til å bevega seg
  • Funksjonshemma har ikkje lik tilgang til informasjon, varer og tenester

I 2016 arbeida vi og med ombodet sin rapport til FN sin kvinnekomité. I rapporten tok vi opp fem tema, kor vi meinte det var behov for særlg merksemd. Disse er:

  • Vald i nære relasjonar
  • Seksuell trakassering og seksualisert vald
  • Hatytringar, digital trakassering og digital vald
  • Menneskehandel
  • Ulikestilling i arbeidslivet

Dette er områder som ombodet har særleg merksemd på i sitt arbeid. CEDAW-komiteen har dessutan tidlegare etterlyst sterkare innsats frå staten på fleire av disse områdene. I arbeidet med rapporten har ombodet konsultert sivilt samfunn. Rapporten blei lansert på nyåret 2017. 

Vidare hadde LDO i november 2016 ein todagers konferanse om hatkriminalitet. Første dag av konferansen var arrangert i samarbeid med ECRI og gjaldt ECRI sine merknader om Noreg. Andre dag av konferansen var eit samarbeid mellom LDO og LDO sitt hatkrimnettverk. Her var det innhenta ekspertar frå blant anna Sverige og Storbritannia for å fremme kunnskap om korleis ein kan arbeide meir effektivt mot hatkriminalitet. Statssekretærar frå både BLD og Justisdepartementet holdt innlegg under konferansen. 

Høyringsfråsegn

Høyringsarbeidet er nært knytt til tilsynet ombodet har med FN-konvensjonane, og den nasjonale lovgivinga. Dei siste åra har vi i stor grad vektlagt konvensjonsforpliktingane til styresmaktene. LDO gav ei rekkje høyringssvar i 2016. Vi ønsker å trekke fram nokre av dei. 

Vi avga høyring om forslag til endringar i utlendingsloven (innstramminger II). Ombodet ba regjeringa revurdere forslaga om innstrammingar i retten til familiegjenforening og innføring av krav til sjølforsørging som vilkår for varig opphald. Vi var kritiske til forslaget og framheva at det reiste spørsmål om brot på CRPD og CEDAW, fordi det ville ramme funksjonshemma og kvinnelege flyktningar uforholdsmessig hardt. Ombodet deltok også i munnleg høyring om forslaget på Stortinget. 

Vi avga høyring når det gjaldt forslag om norsk tilslutning til individuell klagemekanisme til FN sin konvensjon om rettane til personer med nedsett funksjonsevne. Ombodet tok til ordet for at Noreg burde tiltre den individuelle klagemekanismen, vi viste til at dette ville styrke rettstryggleiken for den enkelte, og at fleire nordiske land, som for eksempel Sverige og Danmark, har tiltrådt protokollen. Ombodet deltok også i open høyring om dette på Stortinget. 

Ombodet deltok også i open høyring på Stortinget når det gjaldt innskrenkingar i åtgangen til å bruke tvang overfor personar med nedsett funksjonsevne av psykososial art. Ombodet støtta helseministeren sitt forslag om at ein bare kan ta i bruk tvang knytt til behandling i tilfeller kor pasienten manglar samtykkekompetanse. Ombodet framheva at dette var eit skritt i riktig retning, og samsvarar betre enn gjeldande rett med CRPD sin vektlegging av autonomi og rett til å bestemme sjølv. Ombodet framheva samtidig at det framleis står igjen utfordringar når det gjeld vide heimler for tvang og rettstryggleik for personar som er alvorleg psykisk sjuke og at vi vil følgje opp saka vidare i samband med tvangslovutvalet, som ser på heile tvangslovgivninga på helsefeltet. 

3.5 LDO som kunnskapsorganisasjon

For effektivt å nå måla våre er det viktig at vi stadig utviklar ombodet som kunnskapsorganisasjon. Vi skal dokumentere, systematisere og analysere kunnskap om kva som fremmer likestilling og hindrar diskriminering, og bruke dei ulike verkemidla våre (klagebehandling, rettleiing, pådrivaroppgåver, tilsyn og kommunikasjon) effektivt for å oppnå endring.

LDO sitt arbeid skal ta utgangspunkt i forsking på likestilling og antidiskriminering, og analysar av dei førespurnadene og sakene vi har til behandling hos oss. I kombinasjon er dette basisen for tilsyns- og pådrivararbeidet. 

Vi jobbar kontinuerleg med å halde oss oppdatert på forsking innanfor områda våre, og er i dialog med ulike forskingsmiljø som CORE, Avdeling for kvinnerett, barnerett, likestillings- og diskrimineringsrett (KVIBALD) ved Universitetet i Oslo og Arbeidsforskingsinstituttet. 

Vi har eige fagansvarlege for viktige tema vi jobbar med. Ansvarsområda vert valt ut frå kva for tema vi får mange saker på, eller ut frå ei vurdering av at det er behov for meir kunnskap på området. Ein eller fleire tilsette får eit særskilt ansvar for å følgje med på sakene på området og på ny ekstern kunnskap, til dømes forskingsrapportar. Vi jobbar med eit stort sakskompleks, med mange ulike tema. Fagansvar sikrar betre og meir relevant hjelp raskare. Spesialiseringa internt hjelper brukarane våre eksternt. I 2016 oppdaterte fagansvarlige fleire av våre rapporter. 

I tillegg er det utvikla eit eige tilsynsansvar, der tilsette er gjeve ansvar for å følgje med på utviklinga på særskilde område innanfor dei ulike konvensjonane ombodet har tilsynsansvar for.

Ombodet har mange ulike verkemiddel vi brukar for å hjelpe dei som har blitt utsett for diskriminering og endra dei strukturane som fører til diskriminering. Vi organiserer arbeidet vårt på ein slik måte at verkemidla vert brukt mest mogleg effektivt. Dei fem avdelingane i ombodet har ansvar for kvart sitt verkemiddel. I tillegg organiserer vi arbeid i prosjekt, som hentar kompetanse frå dei ulike avdelingane. 

Dei røynslene ombodet får gjennom førespurnader frå enkeltpersonar, har tyding for dei andre områda til ombodet. Den nære tilknytinga mellom rettleiings- og klagesakar gjer at vi kan identifisere felles røynsler som kjenneteiknar eit område. Vi har til dømes i utarbeiinga av ny strategi og merksemd på kva folk kontaktar ombodet om.