FN-konvensjonane
Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle har, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne og etnisitet. For å sikre rettane til kvinner, personar med nedsett funksjonsevne og for å hindre etnisk diskriminering og rasisme, har FN vedteke konvensjonar som særleg har dette som formål. Her finn du meir om FN-konvensjonane og korleis ombodet jobbar for å sikre at myndigheitene følgjer dei.
Du finn nyttig informasjon om menneskerettar på nettsidene til Norges institusjon for menneskerettigheter.