Ombodet konkluderte med at eit fysioterapilokale i Ullensvang herad  ikkje var universelt utforma.

Lokalet var i annen etasje i eit bygg, og det var kun montert trappeheis i bygget. Ombodet meinte at trappeheis ikkje er tilstrekkelig til å oppfylle krav til universell utforming.

Ombodet meinte også at det ikkje ville vere uforholdsmessig inngripande for kommunen å gjere heile fysioterapitilbodet universelt utforma. Ombodet vektla at det her var snakk om eit offentleg tjenestetilbod, og at kommunen vedtok lokaliseringa av fysioterapitjeneste etter at diskriminerings- og tilgjengelighetslova var trådt i kraft.

I utsegnet sa ombodet blant anna:

”…Denne saka gjeld universell utforming av lokale for den kommunale fysioterapitjenesta. Dette er lokale av vesentlig verdi for folk flest, og av særleg betydning for personar med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne vil ofte bruke eit slikt tilbod i høg grad. Ombodet meiner derfor at det er særleg grunn til å kreve universell utforming av slike lokale…”

Ombodet meinte kommunen enten bør montere heis i det eksiserande bygget, eller finne eit annet lokale for fysioterapitilbodet.

Saksnummer: 09/1738
Diskrimineirngsgrunnlag: Nedsett funksjonsevne
Dato: 27. september 2010.

Universell utforming av lokale for fysioterapi

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til klagen frå Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) Odda/Ullensvang sendt 17. august 2010.

FFO meiner Ullensvang Herad kommune ikkje oppfyller kravet til universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 fordi det kommunale fysioterapilokale i Tunvoll ikkje er universelt utforma. FFO viser til at det ikkje er nok å installere trappeheis til andre etasje, for å oppfylle kravet i lova.

Ombodet har vurdert saka, og konkluderer med at Ullensvang herad bryt plikta til å sikre universell utforming av det kommunale fysioterapilokalet i Tunvoll, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 tredje ledd. Brudd på plikta er diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 fjerde ledd.

Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt utsegn kan klagast inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda innan tre veker frå det tidspunktet Ullensvang herad fekk  brev frå ombodet, sjå orienteringa som er lagt brevet.

Bakgrunnen i saka

Ullensvang herad er delt i to hovedområde, på austsida og vestsida av Sørfjorden. På austsida har det lenge vore to private fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot. Disse har leigd lokale i ein privat eigedom, utanfor sentrum av Lofthus. Ullensvang herad har i tillegg hatt ein kommunalt tilsett fysioterapeut med lokale i Kinsarvik (Bråvolltunet), i same kommune. Kommunen planlegg å byggje eit nytt helsesenter i Kinsarvik, med fysioterapitilbod. Bygging av nytt helsehus i Kinsarvik vart vedteke av kommunen under handsaminga av budsjettet i 2007. Dette helsesenteret vil ikkje bli ferdig før om fem- ti år.

Frå 1. november 2009 mangla dei private fysioterapeutane lokale i Ullensvang. Dette fordi utleigar ikkje lenger ville leige ut lokala. Etter ASA avtale 4313 må kommunen gje samtykkje til flytting av fysioterapipraksis. Kommunen har lenge ønskt at den kommunale fysioterapeuten skal få eit tilleggslokale  på same plass som dei private fysioterapeutane.  Kommunen valde derfor eit anna felles lokale for fysioterapeutane i Lofthus sentrum (Tunvoll), som mellombels løysing før helsesenteret står klart. Dette vart vedteke på heradsstyremøte 9. februar 2009.

Bygget kommunen har valt er i Lofthus og blir kalla Tunvoll. Bygget var klart for innflytting 1. februar 2010. Frå 1. februar 2010 har kommunen såleis hatt fysioterapiverksemd både i Lofthus (Tunvoll) og i Kinsarvik (Bråvolltunet). Lokala i Lofthus er lokalisert i 2. etasje i bygget. Det er montert trappeheis i trappeoppgangen i bygget. Fysioterapilokalet i Kinsarvik er i første etasje, og skal vere universelt utforma. FFO har ikkje klaga på dette lokalet til ombodet.  Avstanden mellom Lofthus og Kinsarvik er 10 minutt med bil.

 FFO Odda/Ullensvang meiner at kommunen bryt plikta til universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova ved å flytte fysioterapitjeneste til Tunvoll, utan å bygge om vesentleg. FFO meiner ein trappeheis ikkje tilfredsstiller kravet til tilgjenge, og at ein bør montere vanleg heis i bygget. FFO viser til at trappeheis er ei spesialløysing, som ein bør unngå. FFO viser vidare til at eit alternativ lokale er lokalet rett over riksvegen for Tunvoll. Der slepp ein problemet med heis, tilgangen er lett, og plasseringa er god.

FFO fryktar også at den såkalla ”mellombelse løysinga på Tunvall” blir meir eller mindre permanent, fordi det ikkje er satt av nok midlar til utbygging av fysioterapilokale i samband med nytt helsehus i Kinsarvik.

Ullensvang herad kommune har erkjent at løysinga med trappeheis ikkje er optimal. Kommunen viser til at det opprinneleg var planlagt å montere heis i bygget, men at dette ikkje var teknisk mogleg av omsyn til plassproblem. Kommunen meiner det vil vere ein uforholdsmessig byrde å sikre universell utforming av Tunvollbygget. Kommunen viser til at kommunen i dag har to lokale som kan brukast til behandling av pasientar, eit i Lofthus, og eit i Kinsarvik. Kommunen viser til at lokalet i Kinsarvik er tilgjengeleg, og at det kun er ti minutt å køyre frå Kinsarvik til Lofthus. Kommunen viser også til at viss Tunvoll skal bli universelt utforma, må dei byggje ein heis på utsida av bygget. Det vil bli kostbart å få dette til i eit eksisterande murbygg. Kommunen viser til at det alt finst eit anna fysioterapitilbod 10 minutt unna, og at heradet ikkje skal flytte si fysioterapiteneste, men ta i bruk eit lokale, i tillegg til det eksisterande tilbodet. Kommunen viser vidare til at prisen for å leige Tunvoll er 1.560 kr pr. kvadratmeter. Dette er i overkant av gjennomsnittleg leigepris i området.

Kommunen viser også til at det blir tilrettelagt parkering for personar med nedsett funksjonsevne på utsida av bygget.

Rettsleg grunnlag

Ombodet kan gi utsegn om et forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 3.

Denne saka reiser spørsmål om verksemder si plikt til å sikre universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetslovens § 9. Offentlege og private verksemder som blir brukt av ”allmennheten” har ei plikt til å sikre universell utforming av verksemda si allminnelege funksjon. Gjennom fysisk tilrettelegging skal flest mogleg få tilgang til lokala til verksemda. Det er i utgangspunktet i strid med lova at det blir laga eigne inngangar, område eller liknande for bestemte grupper.

Plikta til universell utforming fell bort dersom gjennomføringa av tiltaka er en uforholdsmessig byrde for verksemda, sjå § 9 tredje ledd. I den konkrete vurderinga vil den positive effekten og kor viktig tilrettelegginga er  vege opp mot dei kostnadene og andre former for belastning som tilrettelegginga kan føre med seg. Lovgjevar har bestemt at det særleg skal leggjast vekt på:

1. tilrettelegginga si effekt for å byggje ned funksjonshemmande barrierar (nytte vs kostnad)
2. om funksjonen til verksemda er av offentleg art
3. de nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga
4. ressursane til verksemdene
5. omsyn til tryggleik
6. omsynet til vern

Sjølv om det er ei uforhaldsmessig byrde å sikre universell utforming har verksemda uansett plikt til å sikre best mogleg tilgjenge til verksemda innanfor dei rammene som ikkje er uforholdsmessige.

Vurderinga til ombodet

Ullensvang herad er ei verksemd som har plikt til å sikre at verksemda sine hovedløysingar er universelt utforma etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9. Kommunen skal leggje til rette dei delane av verksemda sine lokale som blir brukt av allmenta (pasientar, kundar eller andre) på ein slik måte at flest mogleg, uavhengig av individuelle føresetnadar, vil ha tilgang til verksemda sine lokale. Kommunale fysioterapilokale er heilt klart retta mot allmenta. Kommunen har såleis ei plikt til å sjå til at fysioterapilokalet er utforma universelt.

Er fysioterapilokalet på Lofthus (Tunvoll) universelt utforma?

Det første ombodet må ta stilling til er om lokalet på Tunnvoll tilfredsstiller kravet til universell utforming.

Det er heilt klart at lokala på Tunsvoll ligg i andre etasje i bygget. Det er montert ein trappeheis ved trappegangen. I referatet frå kommunen si behandling av saka følgjer det at dei nye leielokala på Tunsvoll ikkje er universelt utforma.

Ombodet er einig med kommunen i dette. Dersom kravet til universell utforming skal kunne bli innfridd i dette tilfelle, må det monterast heis i bygget. Kommunen har kun montert trappeheis. Lokalet er såleis ikkje universelt utforma.

Vil krav om UU være uforhaldsmessig?

Ombodet må så vurdere om det vil være ei uforholdsmessig byrde å sikre universell utforming av fysioterapilokalet på Tunsvoll. Det er Ullensvang herad som har bevisbyrda for at det vil være ei uforholdsmessig byrde å gjere lokalet på Tunvoll universelt utforma.

I vurderinga av om det er uforholdsmessig å kreve universell utforming skal det leggjast vekt på bl.a. effekten av tilrettelegginga, og om verksemda er av offentleg art.

Denne saka gjeld universell utforming av lokale for den kommunale fysioterapitjenesta. Dette er lokale av vesentlig verdi for folk flest, og av særleg betydning for personar med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne vil ofte bruke eit slikt tilbod i høg grad. Ombodet meiner derfor at det er særleg grunn til å kreve universell utforming av slike lokale.

Ombodet ser av saksdokumenta at kommunen har planar om å byggje eit nytt helsesenter, der også fysioterapitjenesten skal bli lokalisert etter kvart. Lokalet på Tunvoll er såleis ei mellombels løysning. Kostnadane ved ei ombygging av det noverande lokalet må ein derfor sjå i forhold til den avgrensa tida utbetringane vil kome til nytte for pasientane.

Det er klart at montering av vanleg heis i på utsida av bygget, vil koste mykje for kommunen. Kommunen har vist til at heisen må byggjast på utsida av bygget, og at ei løysing med sjaktheis vil fordyra prosjektet med 200 000 kroner. Montering av heis i bygget vil også ta tid. Det er også eit moment at kommunen allereie har eit tilgjengeleg fysioterapitilbod i Kinsarvik. Dette er berre 10 minutts køyring frå Lofthus. Ein kan såleis hevde at effekten av montering av heis i bygget på Tunvoll ikkje vil bli stor.

Kravet i lova er likevel at alle verksemder skal vere universelt utforma. Ombodet meinar derfor det ikkje er av stor betydning at kommunen også har ei fysioterapiteneste i Kinsarvik, 10 minutt unna. Det nye helsesenteret som kommunen planlegg å byggje vil også tidligast stå ferdig først om fem til ti år. Kommunen har ikkje gitt ombodet meir informasjon om planane rundt helsehuset, eller kva som følgjer av planane. Det er såleis ein lengre periode pasientar må nytte lokalet på Tunvoll. Kommunen har også valt lokalet på Tunvoll, etter at diskriminerings- og tilgjengelighetsloven vart vedteken. Kommunen vedtok å leige lokala på Lofthus 9. februar 2009, sjølv om kommunen var vel vitande om at lokalet ikkje var universelt utforma på dette tidspunktet. Ombudet understrekar kor viktig det er  at særleg offentlege verksemder vel universelt utforma løysingar. Når kommunen bevisst har valt å sjå bort frå kravet til universell utforming, meiner ombodet dette er noko kommunen bør ta ansvar for i ettertid.

Det å kome seg inn i fysioterapilokala utan hjelp frå andre, er også ein heilt grunnleggjande føresetnad for at ein skal kunne ta i bruk fysioterapitilbodet. Det er derfor tungtvegande grunner til at kommunen har ei plikt til å utforme lokala universelt. Trappeheis, som kommunen her har valt, gjer lokalet tilgjengeleg, men ein trappeheiser ikkje i tråd med kravet til universell utforming i lova.

Det går også fram av saksdokumenta at kommunen kunne valt eit anna lokale, som er meir tilgjengeleg enn lokalet på Tunvoll. Ombodet meiner ein må  vektleggje dette i vurderinga, av om det er ei uforholdsmessig byrde, å sikre ei tilgjengelig kommunal fysioterapitjeneste.

Samla sett finn ombodet at det ikkje vil vere ei uforhaldsmessig byrde for kommunen å finne universelt utforma lokale til fysioterapitilbodet. Ombodet finn at kommunen har plikt etter diskriminerings- og tilgjengeligheitsloven §9 til å setje i verk tiltak for å sikre at heile fysioterapitilbodet i kommunen blir universelt utforma.
Dette kan gjerast ved å montere vanleg heis på utsida av bygget på Tunvoll, eller ved at kommunen finn eit anna lokale til fysioterapitilbodet, som er universelt utforma.

Konklusjon

Likestillings- og diskrimineringsombodet konkluderar med at Ullensvang herad bryt diskriminerings- og tilgjengeleghitsloven ved å ikkje gjere  fysioterapitilbodet på Lofthus (Tunvoll) universelt utforma. Ombodet ber om tilbakemelding frå kommunen om den vil rette seg etter ombodets utsegn, innen 4. november 2010.

Dersom Ullensvang herad ikkje rettar seg etter ombodet si utsegn vil ombodet vurdere å bringe saka inn til vurdering hos Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Nemnda kan treffe vedtak om at plikta til universell utforming er brutt, jf. diskrimineringsombudsloven § 7. Nemnda har også kompetanse til å pålegge stansing, retting eller andre tiltak. Dersom Ullensvang herad ikkje følgjer eit pålegg frå Likestillings- og diskrimineringsnemnda, har nemnda myndigheit til å ilegge ein løpande tvangsmulkt fram til forholdet er ordna.