Ein organisasjon klaga på vegne av eit kvinneleg medlem. Kvinna var tilsett som sosialkurator, og meinte ho gjorde arbeid av lik verdi samanlikna med ein mannleg ingeniør som var tilsett i same kommune. Lønsskilnaden mellom dei to var 8 lønstrinn.

Fagforeininga meinte det var mange likskapar mellom stillingane, og peika mellom anna på at ein i båe stillingane skal drive sakshandsaming og klienthandsaming og at utdanningskrava var like. Dei to tilsette var omlag jamgamle og hadde båe lang praksis frå kommunen i andre stillingar og røynsle frå større planleggingsprosjekt.

Det viktigaste argument frå kommunen var at løneulikskapen mellom dei to skuldast mannen sin høgare marknadsverdi. Den pressa arbeidsmarknaden for ingeniørar var årsaka til mannen sin høge løn. Kommunen peika og på at dei to stillingane var plassert i ulike lønsrammer.

Ombodet meinte det generelle problemet med å rekruttere ingeniørar ikkje er sakleg grunn til løneulikskapen. Samstundes som mannen var tilsett, var det ein annan ingeniør i kommunen med lågare løn. Til tross for at sosialkontoret har hatt problem ved rekruttering, blei spørsmålet om høgare løn i denne stillinga ikkje vurdert. Ombudet peika og på at båe søkarane krevde høgare løn ved tilsettinga, men at dette ikkje blei innfridd.

Ombodet kom med ein førebels konklusjon der ho slo fast at det ikkje var naudsynt å tilby mannen den høge løna for å få tilsett ein kvalifisert person. Når det er fleire kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan generelle rekrutteringsproblem ikkje grunngi ulik løn. Ombodet kom til at den ulike løna var i strid med likestillingsloven. Om ikkje kommunen kom med nye opplysningar i saka, ville dette bli den endelege konklusjonen frå Ombodet.

Kommunen sa seg ikkje samd i avgjerda, og meinte dei to ikkje gjorde arbeid av lik verdi og at arbeidet til ein sosionom og ein ingeniør ikkje kan samanliknast.

Samstundes fekk kvinna gjennom sentrale og lokale lønsoppgjer i alt sju lønstrinn, slik at skilnaden mellom dei to bare var eitt lønstrinn. Det var og gjort ei avtale om at lønsskilnaden mellom dei to skulle opphøre ved neste lønsforhandling. Fagforeininga ønskte etter dette ikkje å halde fram med saka, og Ombodet avslutta saka.

Emne: lik verdi, marknadsløn, lokaloppgjer
Klager: organisasjon
Lovanvendelse: § 5.0