- Vi ønskjer oss fleire kvinner

Nyleg besøkte likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik Stavanger, og fikk høyre om rekrutteringsutfordringar olje- og gassindustrien står overfor.

- Vi er ikkje nøgde med at berre 20 prosent av dei 250 000 som arbeidar i næringa vår er kvinner, seier Gro Brækken, generalsekretær i Norsk olje og gass.

Sist veke besøkte likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik Stavanger. Her traff ho leiarar i kommunen og olje- og gassektoren, og fekk høyre om utfordringar dei har, blant annan når det gjeld kjønnsbalanse.

Går for tregt

Vi har prata med administrerande direktør Gro Brækken i NHO-organisasjonen Norsk olje og gass om utfordringane.

- Det blir stadig fleire kvinnar, men det går ikkje fort nok. Det er viktig både for næringa og for kvinnene sjølve at vi får ein meir jamstilt sektor. Underrepresentasjon av eit kjønn gjer at ein går glipp av unik kompetanse, kompetanse som ville ha vore drivande for ein meir effektiv og lønnsam industri, seier Brækken.

I tillegg går kvinnene glipp av ei god løn, ei løn som også ville ha bidratt til eit meir jamstilt privatliv.

- Mesteparten av vår verksemd er på land, og det er jobbar som i stor grad handlar om teamarbeid, analysar og arbeid framfor ein datamaskin.  Mi erfaring er at dette også er jobbar som kan kombinerast med born, for de finst mykje fridom og fleksibilitet i desse jobbane. Og det veit eg sjølv er viktig når ein har små born, seier ho.

Strukturelle orsakar

Det er mange orsakar til at olje- og gassektoren ikkje klarer å tiltrekkja seg nok kvinner.

- Ei årsak er eit tradisjonelt kjønnsrollemønster, men eg meiner at den viktigaste årsaka til at vi har ei så ulik kjønnsfordeling, er at matematikken mister jentene. Eg meiner jenter allereie i relativt tidleg skulealder tek val som gjer at ein karriere i olje- og gassindustrien ikkje blir aktuelt. Om ein til dømes veljar feil matematikkretning første året på vidaregåande skule, lukker ein dørene til realfaglige og teknologiske utdanningar. Dette er få medvetne om, og det stengjer mange dører. Der et i stort problem for jentene og for oss, sier Brækken.

Brækken meiner løysinga må vere at matematikken blir formidla til jentene på ein måte som er relevant for dei. I tillegg treng dei gode rollemodellar.

8. mars-arbeid

- Kvar 8. mars har vi ein kampanje der vi inviterer mødre og døtre til å treffe kvinnelege førebilete i olje- og gassindustrien. Det er viktig å vise at jobbane som våre kvinnelige tilsette har er spanande, og at yrkene lar seg kombinere med familie, seier Brækken.