Møter lukka dør

Mange slit med å skaffe seg bolig, andre blir diskriminert i sameiet dei bur i. - Ein tøffare boligmarknad stenger døra for ei rekke grupper i samfunnet, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Vi høyrer ofte om folk som blir nekta å leie bolig på grunn av hudfarge. Mange har fått avslag igjen og igjen. Fordommar gjer at nokon blir stengd ute frå boligmarknaden, seier Ørstavik.

Diskriminering skjer ofte, sjølv om lovverket er klart. Det er som hovudregel ikkje lov å leggje vekt på hudfarge, etnisitet, kjønn, religion, eller seksuell orientering når ein skal leie ut bolig.

- Klag til oss

Dei siste seks åra har Likestillings- og diskrimineringsombodet hatt omlag 250 sakar som gjeld ulik type diskriminering på boligmarknaden.

Ulike grupper møter ulike former for diskriminering. Etniske minoritetar har vanskeleg for å komme inn på boligmarknaden, mens mange personar med nedsett funksjonsevne ikkje får tilrettelagt for eksempel inngangspartiet eller parkeringsplassen i burettslaget dei bur i.

Ørstavik ønskjer at fleire kontaktar ombodet om dei møter diskriminering når dei skal leie eller kjøpe bolig.

- Det er veldig viktig at fleire som føler seg forskjellsbehandla seier i frå til oss, seier ho.

Her kan du lese meir om kva lovverket seier, og kva statistikken fortel.