Råd for eit inkluderande julebord

Julebordet er eit godt høve til å bli betre kjent med kollegaer. Dessverre er det slik at mange julebord ikkje inkluderer alle.

Her følgjer nokre råd til dei som skal arrangere julebord, frå avdelingsleiar Bjørg Unstad i Likestillings- og diskrimineringsombodet.

For det fyrste er det viktig å velje eit lokale som er universelt utforma. Det betyr at alle skal kunne ha tilgang til lokalet og ta det i bruk. Dagens program må også kunne oppfattas av alle og ikkje støte nokon.

Sørg også for å tilby anna drikke enn alkohol. Gjer det enkelt å velje noko anna. Gjestar kan blant anna vere avhalds, gravide, ha eit alkoholproblem,  eller ein religiøs tilknyting som gjer at dei ikkje drikk alkohol, seiar ho.

Unngå trakassering

Vi veit at mange opplever trakassering og seksuell trakassering i sosiale samanhengar, og særlig der gjestane drikk alkohol.

Seksuell trakasering er uønska oppmerksemd av fysisk eller verbal art. Det er noe ingen skal måtte tåle, og det er eit leiaransvar å hindre trakassering, seier Unstad. 

Eit fjerde råd er å lage mat som alle kan ete, enten ein har allergi eller unngår nokre matvarer på grunn av personleg overbevisnig, eller religiøs tilknyting.

Spør om tilretteleggjing

- Som leiar kan du til dømes sende ein epost før julebordet og høyre om nokon har nokre særskilde behov. Og det er også viktig at du følgjer opp dei som har fått ansvaret for å arrangere julebordet, for å sikre at dei legg tilrette for alle. Merk at diskresjon kan være ønskeleg, seier ho.