Rettleiar mot diskriminering

Edona Maksutaj er jurist og jobbar som rettleiar i Likestillings- og diskrimineringsombodet. Det tema ho får flest førespurnader om, er kvinner som opplever diskriminering fordi dei ventar barn.

- Eit eksempel er ein telefon eg fekk i førre veke. Ein tillitsvald tok kontakt på vegne av ei gravid kvinne. Ho hadde søkt eit vikariat i ein barnehage, som ho ikkje hadde fått. Det er ein typisk telefonoppringing til ombodet, seier Maksutaj.

Maksutaj fortel vidare at den tillitsvalte var sikker på at kvinna ikkje hadde rett på vikariatet, sjølv om ho var best kvalifisert, fordi ho ikkje kunne ta jobben på grunn av graviditeten.  

- Det er ikkje tilfelle. Forbodet mot graviditetsdiskriminering er tilnærma absolutt. Det vil seie at dersom ein hadde fått jobben dersom ein ikkje var gravid, skal ein også få jobben sjølv om ein skal ut i permisjon. Det gjeld også vikariatar, og er viktig for at kvinner skal behalde si tilknyting til arbeidslivet når dei går ut i foreldrepermisjon, seier Maksutaj.  

Rettleiing kvar dag

Ombodet har folk på jobb kvar dag som kan hjelpe deg dersom du er blitt diskriminert.

- Det er givande å vere rettleiar. Eg snakkar med mange som opplever diskriminering, og det er godt å kunne hjelpe dei. Vi i Likestillings- og diskrimineringsombodet jobbar også for å få merksam om diskrimineringssaker. Det er eit viktig steg på vegen mot å hindre diskriminering, seier Maksutaj.

- Får dykk ofte slike spørsmål?

- Ja, det gjer vi. Diskriminering av gravide er det området vi får flest førespurnader om. Det som var overraskande i denne saka var at den tillitsvalte ikkje kjente til kvinnas rettar. Det fortel meg at vi må bli enda flinkare til spreie informasjon til fagforeiningane om vernet mot diskriminering, avsluttar Maksutaj.

Ta kontakt med oss

Les meir om dine rettar i arbeidslivet på www.ldo.no/arbeidsliv.

Du kan også ta kontakt på e-post (post(@)ldo.no) og telefon 23 15 73 00, for å få rettleiing.

Pressekontakt: 91 59 88 56
Grønt nummer: 800 41 556