Auk aldersgrensa i arbeidslivet
Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner aldersgrensa bør bli heva til 75 år, og at moglegheita til å lage bedriftsinterne aldersgrenser blir oppheva.
Dette er eit av fleire tema ombodet tar opp i et høyringssvar som går til Arbeids- og sosialdepartementet torsdag.
- Regjeringa har den siste tida foreslått endringar i arbeidsmiljølova som vi er kritiske til. I tillegg meiner vi dei i for lita grad har sett på dei likestillingsmessige konsekvensane av forslaga sine, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Aldersgrenser i arbeidslivet
Regjeringa forslår at det fortsatt skal vere ein øvre aldersgrense i arbeidslivet.
- Det er vi einige i, men vi meiner 70 år er ei for lav grense. Vi veit at mange seniorar ønskjer å stå i jobb lengre, derfor meiner vi grensa bør bli heva til 75 år, seier Ørstavik.
LDO meiner også at bedrifter ikkje skal ha moglegheit til å lage egne interne aldersgrenser.
Endringar i arbeidstid
Ombodet er også bekymra regjeringas forslag til endringar i arbeidstid, nærare bestemt gjennomsnittsberekning av vanleg arbeidstid, overtid og helgearbeid.
- Vi frykter at disse endringane i praksis vil innebere lengre arbeidsdagar og svært intensive arbeidsperiodar, som er vanskeleg å kombinere med omsorg for barn, seier Ørstavik.
- Trykket på menn vil dessutan auke viss fleire kvinner ikkje kan kombinere lønnsarbeid med omsorgsansvar, og da er vi på feil veg i forhold til utviklinga dei siste åra.