Tolkemangel får alvorlege konsekvensar

Onsdag la tolkeutvalet fram si utgreiing. Den dokumenterer eit stort underforbruk av tolk i offentleg sektor. - Det fører til diskriminering og får alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Utgreiinga viser at mellom 60 og 90 prosent av dei tolkane som blir brukt ikkje har dokumenterte kvalifikasjonar.

- Vi veit allereie at bruken av ukvalifiserte kommunikasjonshjelparar er eit stort problem. Det fører til diskriminering. Det får alvorlige konsekvensar når ein ikkje forstår informasjonen legen gir, ikkje forstår dialogen med barnevernet, eller kva som skjer i ein rettssal, seier Ørstavik.

- Dette har vi varsla norske myndigheiter om fleire gonger. No forventar eg tydelege prioriteringar og satsingar frå regjeringa, seier ho.

Rapporterer til FN

Ombodet har delteke i referansegruppa for tolkeutvalet. Anbefalingene våre er kun delvis fulgt opp.

- Eg ser fram til å setje meg inn i utgreiinga og ikkje minst forslaga til tiltak frå utvalet. Vi tar konklusjonane frå utvalet inn i vår føreståande rapportering til FNs rasediskrimineringskomité, og ser dette i lys av de anbefalingane komiteen ga Noreg på tolkeproblematikken i 2011, seier Ørstavik.