Kapittel 1: Føreord

I mitt første år som ombod har det vært viktig for meg å bli kjent med fagmiljøet og ekspertisen som ligg i og utanfor Likestillings- og diskrimineringsombodet. Ikkje minst har det vært viktig for meg å møte dei som kjenner diskrimineringa på kroppen.

Det er avgjerande for legitimiteten og kvaliteten på ombodet sitt arbeid og anbefalingar, at disse er basert på kunnskap og er faglig forankra. Men, skal ombodet oppfylle sitt mandat, må arbeidet og anbefalingane i tillegg spegle verkelegheita til dei menneska som blir utsett for diskriminering. Enkeltopplevingar gjør inntrykk, men for å ramme den strukturelle ulikestillinga og diskrimineringa, må vi løfte sakene opp på prinsipielt nivå. Eg er så heldig å ha eit brukerutval, beståande av representantar for sentrale interesseorganisasjonar innanfor ombodet sitt mandat, til å bistå meg i nettopp dette arbeidet.

Det er ein føresetnad for eit effektivt likestillings- og diskrimineringsapparat at ombodet treffer avgjerder av høg fagleg kvalitet, men også at sakene blir avgjort innanfor rimeleg tid. LDO sin hovudprioritet i 2016 har vært å få ned saksbehandlingstida for klagesakene. Heile organisasjonen har i 2016 arbeida målretta med dette, og det har gitt resultat. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for klagesaker har gått ned frå 245 dager i 2015, til 185 dagar i 2016. For nye saker som kom inn i 2016, er gjennomsnittleg saksbehandlingstid 113 dagar. Talet på restansar er lågare enn nokon gong tidlegare. I 2016 har ombodet vidare fått gjennomført ein ekstern vurdering av saker kor ombodet sin uttale i ein sak er påklaga til nemnda, og kor nemnda har komme til eit anna resultat. Vurderinga blei utført av tidlegare høgsterettsdommar Karin Bruzelius, og bakgrunnen var det særleg høge talet for saker som blei gjort om av nemnda i 2015. Konklusjonane frå dette arbeidet medfører ikkje behov for store endringar i ombodet sitt arbeid. Bruzelius kom likevel med nyttige innspill for blant anna å sikre at sakene blir best mogleg opplyst så tidleg som mogleg. Disse forslaga er nå innarbeida.

Måltalet for 2017 er ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 180 dager. Regjeringa varsla ved eiget høyringsbrev i 2016 at den ønsker å skille enkeltsaksbehandlinga ut frå LDO, og legge den til «ny Likestillings- og diskrimineringsnemnd». I februar 2017 varsla regjeringa vidare at den vurderer å plassere den nye nemnda utanfor Oslo. Arbeidet med å oppnå dette måltalet for 2017 kan bli krevjande, da erfaringar frå liknande prosessar viser at mange ansatte vel å se seg om etter andre jobbar når eigen arbeidssituasjon er uviss.

Det første som slo meg som nytt ombod er kor omfattande mitt mandat er. For ikkje å ende opp med å fokusere på aktuelle saker er det naudsynt å ha ein overordna strategi for kva ombodet skal jobbe med for å oppnå strukturelle endringar over tid. Noko av det viktigaste vi har gjort i 2016 er derfor å utvikle og forankre, både internt og eksternt, eit strategisk veikart for dei saksfelta ombodet skal jobbe med dei neste seks åra. Å velje ut områda vi skal prioritere, og korleis vi skal jobbe for å oppnå endring, har vært ein tidkrevjande prosess. Det er også vanskeleg, for når ein prioriterar, må ein velje bort noko. Eit endringsarbeid som er systematisk og basert på kunnskap føreset likevel ein klar prioritering av dei tilgjengelege ressursane. Det er også naudsynt for ombodet å kunne ha moglegheit til å fange opp, og iverksetje arbeid, på nye situasjonar og område der målgruppane våre vært utsett for ulikestilling og diskriminering.

Hovudsatsingsområda for ombodet dei neste seks åra er innanfor arbeidsliv, skule og utdanning, vald i nære relasjonar, overgrep og seksuell trakassering, helse, bruk av tvang, hatkriminalitet og hatefulle ytringar. Gutter og menn sine utfordringar er blitt gjenstand for ein eigen analyse innanfor fleire av disse tema. Innanfor hovudsatsingsområda er det oppstilt klare utfordringar, og delmål på vegen for å møte disse. Rapporter om tilstand og aktiv bruk av LDO sitt tilsynsansvar med sentrale FN-konvensjonar innanfor vårt mandat, vil vere sentralt i vårt arbeid dei neste seks åra. Strategien finner du på vår heimeside www.ldo.no.

God lesing.

Hanne Inger Bjurstrøm, likestillings- og diskrimineringsombod