Ulike former for digital vald

Andre former for kjønnsbasert digital vald mot kvinner omfattar trakassering og truslar mot kvinnelege online-gamere, digital stalking, tjuveri av identitet, creepshots som leggjast og delast i sosiale medium, bilde med tekstar som fremjar herleggjering av kjønnsbasert og seksuell vald (også i nettspel), uønskt spreiing av filmar og bilde med seksuelt innhald, systematisk innhenting av intime bilde som delast på lukka nettforum for menn, såkalla hemn-porno, digital spreiing av overgrepsmateriale, utpressing til blant anna prostitusjon av såkalla «loverboys», seksuell trakassering og valdtekt.

Teknologi inngår også i utøving av vald i nære relasjonar. Det omfattar til dømes handlingar som elektronisk overvaking av partnar, truande meldingar, krav om å vere elektronisk tilgjengeleg for partnar til einkvar tid og overvaking av mobilbruken til partnar.

Skadeverknadene av digital vald kan vere like omfattande og alvorlege som ved fysisk vald. Sjølv om det framleis er mangelfull forsking på feltet, er det dessutan sannsynleg at valden utløysest av dei same årsakene. Valden kan dessutan gå frå fysisk til digital vald, og frå digital utpressing til fysiske overgrep.

Det er i tillegg nokre særlege forhold knytt til digital vald som kan opplevast som svært belastande for den personen som utsetjast. Til dømes kan overgrep som skjer på nett, eller ufrivillig deling av intime bilde, spreiast til eit uavgrensa tal menneske i ei uoverskodeleg framtid. På den måten tek overgrepet aldri heilt slutt.

Ombodet sitt arbeid med digital vald

Omgrepet digital vald rommar eit mangfald av handlingar og arenaer, og er i tillegg eit fenomen i stadig endring i takt med teknologiske og teknokulturelle endringar. Ombodet sitt arbeid mot digital vald søkjer heile tida å reflektere denne kompleksiteten.

Konvensjonstilsyn

Ombodet fører tilsyn med arbeidet til myndigheitene med blant anna FNs kvinnekonvensjon. Kvart 4. år rapporterer ombodet til FNs kvinnekomité der ombodet kan peike på område med manglande likestilling og manglande innsats frå myndigheitene si side.

Ein viktig del av tilsynsrolla er å følgje med på samfunnsutviklinga og peike på område med manglande likestilling. Ombodet har i samband med dette blant anna peika på utviklinga av potensielt skadelege kjønnskulturar og –praksisar blant ungdom og unge vaksne.

Ombodet har blant anna uttrykt bekymring for utviklinga på internett og i sosiale medium i rapporteringa vår til komiteen. I rapporten gir ombodet anbefalingar for å førebyggje og motverke kjønnsbasert digital vald.

I tillegg til rapportar har ombodet formøte med enkeltmedlemmer av komiteen. Innspela frå formøte og rapport påverkar kva for nokre anbefalingar komiteen så gir til norske myndigheiter. På den måten bidreg rapporteringar til FN med til å utforme myndigheitene sitt nasjonale likestillingsarbeid. Les meir om ombodet sitt arbeid med kvinnekonvensjonen ved å trykkje på knappen under.

Nettverk, kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling

Ombodet deltek i eit nasjonalt nettverk beståande av aktørar frå mellom anna ulike tilsynsorgan, politi, skule, sivilt samfunn og ombod. I tillegg er ombodet i dialog med internasjonale organisasjonar som jobbar særleg med tematikkar knytt til kjønn og kjønnsbasert vald, teknologi og menneskerettar. Gjennom nettverka får og deler vi kunnskap om potensielt skadelege digitale praksisar, inklusive kjønna digitale praksisar og erfaringar, sett frå ulike perspektiv og arenaer. Kunnskapen og erfaringane ombodet får tilgang til gjennom desse nettverka, brukast aktivt i pådrivararbeidet vårt for tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til jenter og kvinner som er utsett for digital vald.

Innspel og anbefalingar

I tillegg til rapportane våre til FN gir ombodet faglege innspel til ulike nasjonale prosessar. Det kan vere innspel til arbeidsutval nedsett av regjeringa og til nasjonale handlingsplanar. Blant anna gav ombodet innspel om teknologi og likestilling i høyringsfråsegna vår knytt til nye læreplanar. Ombodet gav også høyringssvar til forslag om nytt straffebod om det å ha noko å gjere med bilde som er særleg eigna til å krenkje privatlivet sin fred.

Arrangement

Ombodet har arrangert konferansar i inn- og utland, og vi har arrangert både opne og lukka fagseminar om kjønnsbasert digital vald. Vi samarbeider også med andre aktørar om fellesarrangement. I tillegg held ombodet kurs om digital vald.

Høringssvar

Les ombudets høringssvar om befatning med bilder som er særlig egnet til å krenke privatlivets fred.