- Arbeidsmiljølova er tydeleg på at det er forbode å diskriminera arbeidstakarar på grunn av alder, seier seniorrådgivar i ombodet, Helene Falch

Trass i forbodet, blir vi jamleg kontakta av personar som mistenkjer at dei har vorte utsette for aldersdiskriminering. Det kan til dømes vere han på 55 år som ikkje blir kalla inn til intervju på dei jobbane han har søkt på, sjølv om han har lengre og meir relevant arbeidserfaring enn den yngre kandidaten som blir tilsett. Andre har kontakta oss fordi dei har lyst til å søkje på ein jobb, men i utlysinga står det at arbeidsgivar søkjer kandidatar mellom 25 og 30 år. 

Fleire saker som har vorte sendt inn til Diskrimineringsnemnda har resultert i medhald til den fornærma i saka. Eit døme på dette er saka om Mester Grønn, der arbeidsgivar i 2022 vart felt for diskriminering på grunn av alder overfor ein 24 år gammal tilsett. Årsaka då var måten lønnssystemet på arbeidsplassen var utforma på, der alder var einaste utgangspunkt for timesatsane. 

- Det er viktig at arbeidstakarar blir godt kjende med rettane sine. Det er òg minst like viktig at arbeidsgivarar er kjende med regelverket dei skal forhalde seg til, seier Falch.

Dette kan vere diskriminering på grunn av alder: 

  • Arbeidssøkar blir ikkje innkalla til intervju eller får jobben på grunn av alder.
  • Arbeidsgivar søkjer kandidatar mellom 25 og 30 år.
  • Unge arbeidsgivarar blir tilbodne opplæring utan lønn eller jobbar overtid utan overtidsbetaling.
  • Tilsette får ulikt betalt avhengig av alder.
  • Øvre aldersgrense for å søkje utdanningsstillingar.
  • Skeiv fordeling av kompetansehevande tiltak på grunn av alder.
  • Eldre arbeidstakarar som i mindre grad får delta på kurs og opplæring i arbeidstida.
  • Det blir stilt urimelege eller usaklege krav om utdanning av nyare dato til ei stilling.
  • Det blir stilt urimelege eller usaklege krav om arbeidserfaring.

Det kan i nokre tilfelle vere lovleg å forskjellsbehandle på grunn av alder, men det er fleire vilkår som må vera oppfylt. 

- Dersom du kjenner deg igjen i nokre av punkta, eller har andre spørsmål knytt til diskriminering på grunn av alder, kontakt oss for rettleiing, seier Falch.