Fire Trondheimsrestaurantar har fått pålegg om å utbetre tilgjengelegheita etter at Norges Handikapforbund (NHF) klaga dei inn for ombodet.

 

 

Restaurantane Peppes pizza, Ajo Tapas Bar, Fuego og Choco Boco, som alle ligg på Solsiden i sentrum av Trondheim, får tre veker til å gjere greie for korleis dei vil utforme lokala sine universelt.


- Eg forventar at restaurantane snarast mogleg gjer lokala tilgjengelege også for rullestolbrukarar, seier Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.


Alle verksemder som rettar seg mot allmenta skal vera universelt utforma, altså tilgjengelege for alle, i følgje Diskriminerings- og tilgjengelova som tredde i kraft 1. januar i år.

 

NHF klaga 9. februar i år seks restaurantar i Trondheim inn til ombodet for brot på den nye diskriminerings- og tilgjengelova. NHF meinte at restaurantane bryt diskriminerings- og tilgjengelova fordi delar av lokala berre er tilgjengelege via trapper. Restaurantane har lause skinner, men då desse berre vert lagt ut ved behov, meinte NHF at tilgjengelegheita ikkje er bra nok.

 
To av restaurantane, Barrmuda og Dråpen slepp å utbetre lokala sine i denne omgang, på grunnlag av relevant dokumentasjon frå innehavaren. Men heller ikkje desse restaurantane oppfylte krava om universell utforming.

 

Sjå fråsegn i saka om Peppes Pizza.
Sjå fråsegn i saka om Ajo Tapas Bar og Fuego.
Sjå fråsegn i saka om Choco Boco. 
Sjå fråsegn i saka om Barrmuda og Dråpen