Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) ynskjer å vera lett tilgjengeleg og kome i kontakt med fleire folk. LDO har derfor byrja å bruke Twitter - og du kan følgje med på kva som skjer i LDO akkurat no.

- Det er ingen tvil om at likestilling og diskriminering er noko som opptek folk. Då er det også naturleg at eg nyttar ulike kanalar for å nå fram med informasjon om kva som rører seg på viktige samfunnsfelt. I tillegg til å vera ein måte å komma i kontakt med fleire på, er Twitter ein fin kanal for informasjon om kva ombodet er oppteken av, aktuelle tema og arrangement.

Her har vi høve til å vera raskt ute med oppdateringar og det skal vera lett å halde seg oppdatert om kva ombodet meiner. Eit synleg ombod følgjer med i tida og ynskjer å nytta enkle og gode måtar å kommunisere med folk på, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.

Gå til Likestillings- og diskrimineringsombodet på Twitter.