Se bilete frå jubelfrukosten LDO arrangerte for å heidre fredsprisvinnerane fredag.
Statsråd Audun Lysbakken, leiar for UN Women Michelle Bachelet og Stortinget sin visepresident Marit Nybakk var blant dei som hylla fredsprisvinnerane hos Likestillings- og diskrimineringsombodet fredag.
- Dette var ei flott markering for tre modige kvinner, seier eit nøgd likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Sterke kvinner
Lørdag mottar Liberia sin president Ellen Johnson Sirleaf, den jemenittiske aktivisten Tawakel Karman og liberiske Leymah Gbowee Nobels fredspris.
- Dette er ein siger for forståinga av samanhengen mellom kvinner si makt og sin innflytelse, og demokrati, sa likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik da vinnerane blei kjende.
Markeringa hos ombodet ble arrangert i samarbeid med FOKUS og Norges fredsråd.