Norsk Luthersk Misjonssamband bryt likestillingslova, når kun menn kan vere økonomisjef, meiner LDO.
I februar i år lyste Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) ut ei stilling som økonomileiar. Kun menn kunne søkje stillinga, og dette meiner Likestillings- og diskrimineringsombodet er eit brot på likestillingslova.
- Vi har konkludert med at dei kan opne stillinga for kvinner ved å organisere seg annerleies og likevel ha det same synet på kven som er hyrde- og læreansvarleg i organisasjonen, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
NLM meiner at kun menn kan ha stillingar som har eit særleg hyrde- og læreansvar.
- Når Misjonssambandet nettopp har tilsatt sin første kvinnelege personalleiar, må dei også kunne organisere seg slik at ei kvinne kan vere økonomileiar, seier Ørstavik.