- Styrk menneskerettane
Torsdag går høyringsfrista for Likestillingsutvalet sin utgreiing "Politikk for likestilling" ut. Fokuset på menneskerettar i likestillingsarbeidet må styrkast, er bodskapen frå LDO sitt brukarutval.
Brukarutvalet, som er LDO sitt rådgjevande organ, møttast for å diskutere Likestillingsutvalet si andre utgreiing "Politikk for likestilling". Høyringsfrista er torsdag neste veke. LDO har allereie gjeve eit svar.
Smalt mandat
Hovedbodskapen frå møtet er at mandatet til Likestillingsutvalet var for smalt, og at menneskerettsperspektivet manglar. Dette har ombodet vektlagt i sitt høyringssvar, og det vil også dei organisasjonane som svarar på høyringa vektleggje.
- Vi saknar fokus på fleire diskrimineringsgrunnlag, og meir på menns helse, og omsorg for barn etter samlivsbrudd, sa Are Saastad fra Reform.
- Vi meiner også at utvalet ikkje ser på det fleirdimensjonale, at ein person kan bli diskriminert på grunn av fleire ting samtidig, sa Janne Hansen fra Galdu kompetansesenter for urfolks rettigheter.
Berit Vegheim frå Menneskerettsalliansen påpeika at det snevre mandatet sett nokre grupper utanfor, og forsterkar eit gap som allereie er der.
Magne Bolme, får Synshemmede akadmikere, meiner menneskerettsperspektivet manglar, noe han fekk støtte for hos dei andre organisasjonane, og frå likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt brukarutval er eit tverrfagleg utval for samarbeid og utveksling av erfaring med interessegrupper og frivillige organisasjonar