Kvinner – bruk røysteretten!
I år er det ein ekstra god grunn til å bruke røysteretten: Røysterettsjubileet. Ei særleg oppmoding går til kvinner med minoritetsbakgrunn: Bruk røysteretten!
Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik er ikkje i tvil om kva som er den beste gåva i året med røysterettsjubileum – nemleg at fleire brukar retten til å røyste. –Eg skulle gjerne sett at kvinnene går “mann av huse” nettopp i år, seier ombodet.
- Som ei hyllest til dei kvinnene som gjekk framfor og kjempa fram kvinner sin rett til å røyste ved val, på likefot med mennene sin rett. Kvinnene som gjekk i front den gongen kjempa ein hard kamp, og vart møtt av både raseri, hat og forakt. La oss vise vår takksemd ved å bruke røystesedlane i år, oppfordrar likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Likestillings- og diskrimineringsombodet er særs oppteken av å få kvinner med minoritetsbakgrunn til valurnene.
– Generelt ser vi at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn er for låg. I 2009 var den 24 prosent lågare enn den generelle valdeltakinga på 76,4 prosent. Einskilde grupper med innvandrarbakgrunn har svært låg valdeltaking. Valdeltakinga blant for eksempel norskfødte kvinner med innvandrarbagrunn i aldersgruppa 22-25 år var ved valet for fire år sidan nede på 39,6 prosent, seier Ørstavik.
– Eg håpar verkeleg at kvinner med minoritetsbakgrunn tek den makta dei har gjennom røysteseddelen og nyttar den. Dei vil ha stor innverknad på valresultatet, ja kanskje vil deira røyst avgjere valet, oppmuntrar Ørstavik.