Ufør fekk forsikring etter påtrykk

Det nyttar å seie ifrå. Eit kortselskap som ikkje ga ein mann forsikring fordi han var uføretrygda, endra praksis etter at Likestillings- og diskrimineringsombodet tok kontakt.

- Bedrifter endrar ofte praksis når det blir påpeikt at kundebehandlinga deira kan vere diskriminerande, fortel jurist hos Likestillings- og diskrimineringsombodet, Ragnar Lie.

Kortselskapet erkjenner at dei har hatt som praksis å nekte uføretrygda menneske forsikring. Nå seier selskapet at dei ikkje lenger vil bruke uføretrygd som grunnlag for ikkje å innvilge forsikring.

- Det nytter å seie ifrå. Denne saka er nok eit bevis på at personar med nedsett funksjonsevne må kjempe kampar som for lengst burde vore ferdig kjempa, seier Lie.

- Det er viktig at bedrifter sjølv går igjennom interne retningslinjer og praksis i kundebehandlinga si, for å hindre diskriminering.