Kvinnelege innsette med behov for helsehjelp
Den 31. august 2021 lanserte ombodet rapporten "«Lengst inne i fengselet – kvinnelege innsette med behov for helsehjelp». Rapporten er den fyrste sjølvstendige studien som utelukkande tek for seg helseutfordringane og soningstilboda til dei kvinnelege innsette.
Stor forskjellsbehandling
I 2017 lanserte ombodet «Innsett og utsett – rapport om soningsforholda for utsette grupper i fengsel». I rapporten såg vi spesielt på forholda til kvinner, innsette med funksjonsnedsetjingar, innsette som ikkje meistrar norsk eller engelsk, lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og menneske som har ei anna tru og eit anna livssyn enn kristendom.
Vurderinga frå ombodet var at situasjonen for gruppene i norske fengsel er alvorleg. Dei innsette vi har omtalt, kjem systematisk dårlegare ut. Rapporten avdekkjer døme på manglande oppfylling av rettar, og forskjellsbehandling som er i strid med diskrimineringslovverket og Noregs internasjonale menneskerettsforpliktingar.
Rapporten avdekkjer at kvinnelege innsette utsetjast for trakassering og dårlegare soningsforhold enn menn. Homofile og transpersonar risikerer også trakassering. Bevegelseshemma blir isolert på grunn av gamle og upraktiske bygg. Psykisk sjuke får mangelfull behandling, og utanlandske innsette får ikkje omsett viktig informasjon i fengsel. For innsette som ikkje er kristne, er det vanskelegare å kome i kontakt med personell frå trus- og livssynssamfunnet sitt.
Du kan lese heile rapporten ved å klikke på knappen under.
Soningsforholda til kvinner
I 2019 har ombodet prioritert å følgje opp funna i soningsrapporten når det gjeld forholda for dei kvinnelege innsette i norske fengsel.
I mars same år klaga ombodet kriminalomsorga inn for Diskrimineringsnemnda. Ombodet meiner at soningsforholda for kvinnelege innsette i Tromsø fengsel er i strid med likestillings- og diskrimineringsloven.
I juni 2020 konkluderte Diskrimineringsnemnda med at Tromsø fengsel braut loven. Les meir om saka her.
Ombodet har tidlegare konkludert med at kvinnelege innsette blei diskriminert i fengsel. Sjå meir i menyen til høgre.