Dei siste åra har ombodet fått førespurnader frå kvinner i politiet som blir omplassert på grunn av graviditet. I samband med graviditet kan ikkje kvinner lenger jobbe operativt, og dei blir derfor sette til etterforsking eller annan type inneteneste. Fleire mistar då praksisrettleiartillegget, eit tillegg dei får for å rettleie studentar frå Politihøgskolen ute i felt.

Dette skil seg frå liknande ordningar i politiet. Mellom anna beheld betjentar som er hundeførarar hundeførartillegg, og dessutan natt- og kveldstillegg, sjølv om desse oppgåvene òg fell bort ved omplassering til inneteneste. LDO meinte kvinnene som mista rettleiartillegget vart forskjellsbehandla. Før sommaren stilte vi spørsmål til direktoratet om i kva grad denne praksisen er lovleg.

Politidirektoratet har gitt tilbakemelding om at dei frå no av vil instruere alle politidistrikt om å betale praksisrettleiartillegget til kvinner som blir omplassert på grunn av graviditet, då ordninga ikkje vart praktisert likt over heile landet. Ombodet støttar alle som legg til rette for meir inkluderande arbeidsplassar. Vi takkar Politidirektoratet for at dei ønsker å endre praksisen.

Vil du vite meir?