Sjølv om vi er på veg mot ei opning av samfunnet, er ikkje pandemien forbi. Ombodet har fått mange spørsmål frå menneske som lurar på om dei blir diskriminerte fordi dei ikkje er blitt vaksinert mot covid-19, til dømes ved at arbeidsgivar ber om vaksinestatus eller negative koronatestar frå uvaksinerte, eller at den tilsette mistar vakter eller vert flytta til andre oppgåver.

 

Kva er verna?

Likestillings- og diskrimineringslova omhandlar grunnlaga kjønn, graviditet og foreldrepermisjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, samt alder. Du kan lese meir om grunnlaga her.

Vaksinasjonsstatus, eller om ein ynskjer å ta vaksine eller ikkje, er i seg sjølv ikkje eit beskytta diskrimineringsgrunnlag. Derfor vil vaksinasjonsstatus i de aller fleste tilfelle ikkje vere verna.

 

Er smittevernhensyn sakleg?

For at forskjellsbehandling på grunn av vaksinasjonsstatus skal være diskriminering, må forskjellsbehandlinga ha samanheng med eit av dei beskytta grunnlaga. Eit slikt tilfelle kan vere dersom berre nokre særskilte grupper, til dømes ut i frå kjønn eller etnisitet, blir pålagde å vaksinere seg.

Dersom forskjellsbehandlinga har samanheng med eit diskrimineringsgrunnlag, må den være sakleg grunna for å vere lovleg. Smittevernshensyn kan vere eit sakleg formål.

Alle saker om diskriminering må bli vurdert individuelt.

 

Er haldning til vaksinespørsmål eit politisk syn?

Nokre av dei som kontaktar oss meiner forskjellsbehandling på grunn av vaksinasjonsstatus er ulovleg fordi det er diskriminering på grunn av deira politiske syn.

I arbeidslivet har du vern mot diskriminering grunna politisk syn, men det er ikkje juridisk avklart om eit ynskje om ikkje å ta vaksine er omfatta av dette diskrimineringsgrunnlaget.

Sjølv om du kan ha vern mot å bli diskriminert på grunn av ditt politiske syn, betyr det ikkje at du har rett til å utøve ditt politiske syn i arbeidslivet.

Diskrimineringsnemnda behandlar klagar som gjeld diskriminering. Dersom du meiner du er diskriminert på grunn av ditt politiske syn, kan du klage til nemnda. Vi anbefaler at du snakkar med ombodet si rettleiingsteneste før du sender ei klage.

Her kan du lese meir om diskriminering på grunn av politisk syn i arbeidslivet.

 

Kvar kan eg få meir informasjon?

Dersom forskjellsbehandlinga ikkje har samanheng med eit diskrimineringsgrunnlag, og skjer på arbeidsplassen din, kan du lese meir om vaksinering og moglege tiltak og kontrolltiltak frå arbeidsgivar på Arbeidstilsynet sine nettsider.